Forum for store offentlege nettstader april 2013
Forumet hadde samling i Oslo 22.-23. april 2013. Helse Sør-Øst og Helsedirektoratet var vertskap denne gongen. Det var tretti personar frå 16 verksemder som møtte.
Noreg.no endra innretning 18. mars 2013, og set no digitale tenester i sentrum.
Noreg.no er no ein vegvisar til digitale tenester frå statlege verksemder, fylkeskommunar og kommunar. Noreg.no skal sikre innbyggjarane enkel tilgang til offentlige tenester på nett, på tvers av sektorar og nivå.
Innbyggjarane kan også få innsyn i eigne personopplysingar frå folkeregisteret, køyretøyregisteret og fastlegeregisteret via nettsida.
Det er den verksemda eller kommunen som eig den aktuelle tenesta, som har ansvar for å rettleie brukaren i gjennomføringa av ærendet sitt, til å gje utdjupande informasjon og til å finne tilgrensande tenester.
Dersom brukaren har spørsmål om den einskilde tenesta, kan han eller ho gjennom å klikke på logoen til verksemda komme til heimesida til verksemda..
Dersom brukaren har spørsmål om bruk av Noreg.no, kan han eller ho kontakte ID-porten brukarstøtte på telefon 800 30 300.
Vi ønskjer innspel frå brukarane våre og har derfor lagt ut eit tilbakemeldingsfelt på sidene. Tilbakemeldingane blir viktige i vidareutviklinga av Noreg.no.
Alle statlege verksemder og kommunar kan melde inn nye tenester. Førebels må dette skje ved hjelp av dokumentet «Innmeldingsskjema for tenester». I løpet av våren 2013 skal ei elektronisk løysing vere på plass. Den enkelte verksemda kan då sjølve kvalitetssikre og leggje nye tenester direkte ut på Noreg.no.
Dei fleste tenestene på Norge.no nyttar ID-porten for innlogging. Les om sikkerheit og funksjonalitet i ID-porten.
Innhald frå den gamle versjonen av Noreg.no ligg ute som opne data på data.norge.no. Her kan ein blant anna finne oversyn over alle statlege verksemder og kommunar med hierarki, kontaktinformasjon og geografisk plassering. Ein kan og finne temasider med lenker og Ofte stilte spørsmål. Desse data blir ikkje lenger oppdaterte av Difi.
Driftsstatus og annan informasjon om Noreg.no er tilgjengeleg på Samarbeidsportalen. Alle verksemder som brukar ID-porten har tilgang her.
Forumet hadde samling i Oslo 22.-23. april 2013. Helse Sør-Øst og Helsedirektoratet var vertskap denne gongen. Det var tretti personar frå 16 verksemder som møtte.
18. mars endra innbyggjarportalen Noreg.no innhald og set digitale tenester i sentrum.
Innbyggerportalen Minside er lagt ned. Noen av tjenestene lever videre på portalen Norge.no.
– Digitaliseringen av offentlige tjenester, og det at vi i dag bruker nettet på andre måter enn for få år siden, gjør at vi nå legger om satsingen på innbyggerrettede tjenester, sier Difi-sjef Hans Christian Holte.