Standardisering

Difi samlar IT-standardar for offentleg sektor i Standardiseringsportalen. Her gir vi ei oversikt over standardar som er tilrådde eller obligatoriske for offentleg sektor. Det er også høve til å påverke gåande utgreiingar.

Standardiseringsrådet

Difi er sekretariat for Standardiseringsrådet, som skal ta initiativ til og leggje til rette for systematisk bruk av IT-standardar i offentleg sektor. Standardiseringsrådet er breitt samansett, og gir tilrådingar til Difi om kva for standardar som bør vere tilrådde og obligatoriske i offentleg sektor.

Sekretariat for standardiseringsrådet

Sekretariatsoppgåva består i å skaffe fram avgjerdsunderlag for rådet. Utgreie kva for standardar som er eigna som tilrådde og obligatoriske forvaltningsstandardar på ulike bruksområde og rekne ut konsekvensen av dette. Difi skal også sikre at standardane blir tekne i bruk gjennom informasjons- og rettleiingsarbeid.

Standardiseringssekretariatet i Difi prøver å ha oversikt over nasjonal og internasjonal standardisering med følgjer for offentleg sektor, for å sikre at behova hos alle offentlege verksemder blir tekne hand om og for å sikre involvering frå offentleg sektor si side på aktuelle standardiseringsområde.

Standardiseringsportalen

I Standardiseringsportalen kan du finne informasjon om kva for IT-standardar som gjeld for offentleg sektor. Du kan kome med framlegg til nye standardar for offentleg sektor eller standardiseringsområde det er behov for å sjå nærare på. Du har også høve til å påverke gåande utgreiingar.

Share Del med andre