Elektronisk ID
ID-porten/MinID er ei felles løsning for innlogging til offentlige nettenester for meir enn 200 statlige virksomheter og kommuner. For at du skal bruke offentlege tenester på Internett er sikker identifisering naudsynt. På same måte som du brukar pass, førarkort eller bankkort når du fysisk må bevise hvem du er, benytter du elektronisk ID for å legitimere deg på nettet. Difi utviklar og driftar ein felles infrastruktur for pålogging til offentlege tenester på nett, ID-porten/MinID.
Gjennom ID-porten/MinID kan du som brukar identifisere deg med tre ulike elektroniske ID: MinID, Buypass ID eller Commfides e-ID. ID-porten/MinID gjer kommunikasjon mellom deg og det offentlege trygg - enten du skal levere sjølvmeldinga, bytte fastlege, skifte adresse, søke skoleplass eller utføre andre oppgaver. Du kan bruke ID-porten/MinID til å løyse oppgåvar frå det offentlege, både privat og i arbeidssamanheng.
Hjelp og brukarstøtte
|
|
|
|
Med elektronisk ID på høgste sikkerheitsnivå frå Buypass og Commfides legg Difi til rette for utvikling av fleire og meir avanserte tenester på nett i offentleg sektor. Sikrare elektroniske ID gir deg som innbyggjar tilgang til tenester du ikkje fann på nett tidlegare. Tenestene blir også meir brukarvennlege sidan du no kan velje e-ID sjølv.


