Klart språk i staten
Difi leier prosjektet Klart språk i staten, som har som formål å stimulere til betre og meir brukarvennleg språk i statlege verksemder. Prosjektet blir drive i samarbeid med Språkrådet.
Prosjektet tilbyr mellom anna
- nettstaden www.klarsprak.no, ein språkverktøykasse som inneheld praktiske verktøy, råd og tips om korleis språket kan gjerast meir klart og brukarvennleg. I tillegg finst blant anna informasjon om gjennomføring av språkprosjekt, erfaringar frå andre språkprosjekt, ein språkblogg og quiz. Her er og samla relevante undersøkingar og anna dokumentasjon.
- Statens klarspråkspris, ein årleg pris som blir gjeven til ei statleg verksemd som har gjort ein ekstraordinær innsats for å bruke eit klart, godt og brukarvennleg språk i tekstane sine til publikum.
- prosjektstøtteordning der statlege verksemder kan søkje økonomisk støtte og fagleg rådgjeving for å gjennomføre eigne språkprosjekt.
- gratis kurs: - Klart språk i forvaltninga, - Nynorsk i arbeidet og - Å leie eit språkprosjekt
- foredrag og innlegg om prosjektet og klarspråksarbeid for statlege verksemder
- å vere samtalepartnar for verksemder som ønskjer å komme i gang med klarspråksarbeid.
(06.11.2009)