Hopp til innhold Hopp til navigasjon

Undermeny

Los - emneord

Los er ei felles emneordliste for offentleg sektor for å beskrive offentlege tenester og å knyte informasjonsressursar til emneorda. I praksis blir eitt eller fleire emneord frå Los knytte til ein informasjonsressurs, og denne kan då delast med fleire gjennom det felles emneordet.

Los er særleg møtt med interesse av kommunane og mange har alt teke det i bruk i portalløysingane sine. Kommunane har eit breitt spekter av tenester og har også eit stort behov for å vise til annan offentleg informasjon innan eit område, til dømes barnehagar - tilbod og rettar.

Kven er Los for?

  • Los har nytteverdi for innbyggjar som treng å finne fram til offentlige tenester uavhengig av dei ulike forvaltningsnivåa og kjennskapen til offentleg sektor si organisering. Los er eit brukarorientert vokabular - ikkje avsendarorientert.
  • Nytteverdien av Los er openberr for kommunane som kan bruke Los som standard for presentasjon av eigne tenester og til å integrere relevant statleg informasjon. 
  • Nytteverdien for statlege etatar er ein standardisert utvekslingskanal både til andre statlege etatar og til kommunesektoren.

Dei statlege og kommunale etatane treng ikkje utarbeide ein eigen temastruktur frå botnen av, men kan ta utgangspunkt i Los og byggje vidare på dette. Slik får offentleg sektor også ein felles kjerneterminologi. Det vert også lettare å gjenbruke og dele data med andre offentlege etatar som brukar Los.

(06.11.2009)