Hopp til innhold Hopp til navigasjon

Undermeny

Plattform for leiing i staten

Å vere leiar i staten er ikkje som å vere leiar andre stader. Plattform for leiing i staten synleggjer verdiar og prinsipp for statleg leiarskap.  

Regjeringa har vedteke at plattform for leiing i staten skal liggje til grunn for leiarskap og arbeidet med å utvikle leiing i staten. Plattforma inneheld ei skildring av det særeigne ved statlege leiarar, ikkje minst leiarane sitt ansvar for å tene fellesskapet, forvalte felles verdiar og svare på politiske utfordringar.  

Plattforma oppfordrar leiarar til å reflektere over eiga leiing gjennom å stille fleire konkrete spørsmål. Spørsmåla gjev grunnlag både for individuell refleksjon og for dialog om statleg leiarskap.  

Difi skal medverke til å verkeleggjere Plattform for leiing i staten. Vi er både ein pådrivar og støttespelar for forvaltninga i arbeidet med å ta i bruk plattforma. Plattforma ligg også til grunn for innsatsen frå Difi og tiltaka våre på områda leiing og medarbeidarskap.  

 

(11.02.2010)