Digitalt førstevalg
Å gjere elektronisk kommunikasjon til den primære kanalen for dialog mellom innbyggjarar/næringsliv og offentlege verksemder er eit viktig mål for regjeringa, jamfør St.meld. nr. 19(2008-2009) "Ei forvaltning for demokrati og fellesskap" og Statens kommunikasjonspolitikk (2009). Denne politikken vert kalla digitalt førstevalg.
Det overordna målet er å etablere ein politikk som skal sikre effektivisering i og utvikling av gode publikumstenester frå offentlege verksemder. Politikken skal også resultere i auka utviklingstakt for digitalisering av offentlege oppgåver.
Difi har kartlagt status for bruk av digitale tenester i offentlege verksemder for å kunne seie noko om kor langt forvaltinga er kome med digitalisering av sine oppgåver. Det er også meininga å måle digitaliseringa over tid.
I tillegg har Difi funne ut kva som skal til for å nå det politiske målet. Vi har pekt på sentrale hindringar for auka bruk av elektroniske tenester generelt (eforvaltning). Formålet er at kartlegginga skal danne grunnlag for å identifisere og prioritere utviklingstiltak på ulike områder.
Difi anbefaler felles meldingsboks - Difi-rapport 2011:7
En utredning fra Difi anbefaler at det offentlige raskt tar i bruk den elektroniske meldingsboksen i Altinn for å kommunisere med innbyggere og næringsliv.