Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

ID-porten/MinID

ID-porten er ei felles påloggingsløysing og ein sentral byggekloss i utviklinga av offentlege tenester på nett. Med ID-porten kan di verksemd tilby innbyggjarane ei sikker digital teneste. Med kjende elektroniske ID som MinID og Buypass ID får brukarane fordelen av å nytta påloggingsløysingar dei kjenner frå før. Dermed slepp verksemda di å tenkje på administrasjon av brukarnamn og passord, samt brukarstøtte for eiga påloggingsløysing.


ID-porten for din nettstad

Nytt grafisk grensesnitt

Ein av dei største utbetringane i ID-porten i høve til tidlegare versjonar av MinID er brukargrensesnittet. Difi har lagt stor vekt på å utbetra brukaropplevinga i høve til tidlegare versjonar av MinID. Som resultat av dette møter brukarane no eit intuitivt og lett forståeleg grensesnitt når dei loggar inn med sin valde e-ID.

idporten grensesnitt

 

 

Fleire elektroniske ID

Den viktigaste skilnaden mellom tidlegare versjonar av ID-porten (kun MinID) og den nye ID-porten er at det blir tilbydd fleire leverandørar av elektroniske ID (e-ID). Dette er mogleg fordi Difi med ID-porten har laga ein felles infrastruktur for pålogging til offentlege tenester på nett. Gjennom ID-porten kan brukarane identifisere seg med fylgjande e-ID: MinIDBuypass eller Commfides.

Fleire og sikrare elektroniske ID som kan nyttast av innbyggarane legg til rette for ei meir brukarvenleg og sikrare løysing. Sikrare fordi Buypass og Commfides leverer e-ID på høgaste sikkerheitsnivå (nivå 4), og meir brukarvenleg fordi innbyggarane sjølv kan velje kva e-ID dei ynskjer å nytta. På sikt skal ID-porten òg kunne tilby andre tenester som signering gjennom Commfides e-ID og Buypass ID.

 


Sikker pålogging

Elektronisk Id på høgste sikkerheitnivå gjennom Buypass og Commfides betyr at di verksemd kan tilby fleire og meir avanserte tenester på nett. For eksempel vil det vere muleg å tilby tenester som inneheld meir personsensitive data. Dette gjev større fleksibilitet og rom for å gje innbyggarane tilgang til fleire data og opplysningar. Med andre ord kan verksemda di utvikle tenester som er meir brukarvennlege og betre egna for å dekke alle behov hjå den digitale innbyggaren. I ID-porten gjev MinID tilgang til tenester opp til og med høgste sikkerheitsnivå (nivå 4).Les meir om sikkerheit og funksjonalitet

 

God brukarstøtte, tilpassing og tilgang

ID-porten er tilgjengeleg på både bokmål, nynorsk, engelsk og samisk. I tillegg har ID-porten òg eit innebygd alternativ for høgare kontrast og eitt for større skriftstorleik. Slik får òg svaksynte muligheit til å logge inn til offentlege tenester på nett.

Difi tilbyr ei fullverdig brukarstøtte på både telefon (måndag-fredag – 08.00-17.00), e-post og web for innbyggarar som treng hjelp til pålogging gjennom ID-porten. Verksemder som nyttar ID-porten har høve til å bestille utvida opningstid (mot betaling regulert i tråd med Samarbeidsavtalen).

(09.02.2012)
Share Del med andre