Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Informasjonstryggleik

Kvart forvaltningsorgan har ansvaret for å handtere opplysningane i organet på ein forsvarleg måte. Når organet skal kommunisere med innbyggjarar eller andre forvaltningsorgan, vil e-forvaltningsforskrifta stille krav til kommunikasjonen.

Difi har ansvar for rettleiing på e-forvaltningsforskrifta sitt område. Fleire andre regelsett enn e-forvaltningsforskrifta kan stille krav til korleis forvaltninga handsamar personopplysningar.

  • For teiepliktige opplysningar stiller forvaltningslova og særlover krav til at ikkje uvedkomande skal få tilgang til opplysningane.
  • Gradert materiale skal handterast i tråd med verneinstruksen og tryggingslova med forskrifter.
  • Handsaming av personopplysningar må ikkje bryte med reglane i personopplysningslova og helseregisterlova.

Difi forvaltar kravspesifikasjonen for pki i offentleg sektor, som skal brukast ved anskaffing av pki-baserte e-ID-løysingar i staten. Dessutan forvaltar vi rammeverket for autentisering og ikkje-nekting (uavviselegheit) i offentleg sektor, som fastset rettleiande risiko- og tryggingsnivå for identitetskontroll og bevistryggleik.

Difi tilbyr også praktiske it-tryggingsløysingar for forvaltninga gjennom Mi side og MinID. MinID er ei felles innloggingsløysing for offentleg sektor.

(19.10.2011)
Share Del med andre
(27.10.2011)

Presentasjoner fra informasjonssikkerhetskurs og -seminarer

Her finner du presentasjoner fra avholdte kurs og seminarer på informasjonssikkerhetsområdet.

(02.02.2010)

Veileder i risikovurdering for elektronisk kommunikasjon

Difi har utarbeidet en veileder i risikovurdering for elektronisk kommunikasjon med og i offentlig sektor. Risikovurderingene skal sikre at virksomheten velger riktig sikkerhetsnivå når den legger til rette for elektronisk kommunikasjon.