Opne data
Opne offentlige data er data frå offentleg sektor som er gjort tilgjengelege i et slikt format at dei kan bli brukt vidare i nye samanhengar. Data kan være alt frå enkle lister og tabellar i saksdokument og rapportar, til avanserte databasar med informasjon frå fleire av etatens datasystem. Difi arbeider tett med FAD for å stimulere offentleg sektor til å gjera sine data tilgjengelege, og for at desse data vert tekne i bruk.
Data.norge.no
Difi har lansert nettstaden data.norge.no, som er en slags «gule sider» for offentlige data i Norge. Data.norge.no er ein datakildekatalog som gjer det lettare å finne, laste ned og viderebruke datasett frå offentleg sektor. Her kan du registrere og finne andre tilgjengelige datasett, og dele og finne applikasjonar og tenester basert på opne datasett. Nettstaden er også ein møteplass for alle interesserte aktørar.
Fellesføringane for statleg sektor seier at etatane, så langt det er mogleg, skal gjere sine rådata tilgjengelege i maskinlesbare format og registrere dei på data.norge.no. Målet er at heile forvaltninga skal vere med.
Døme på opne offentlege data:
- Plassering av søppelkassar, returpunkt og så vidare
- Årsrekneskap og budsjett
- Resultat frå spørjeundersøkingar
- Adresser og kontaktinformasjon til verksemder
Nokre typar data skal ikkje vere offentlege og kan heller ikkje bli brukt vidare. Dette gjeld mellom anna:
- Personsensitive opplysningar
- Informasjon som er underlagt teieplikt
- Gradert informasjon
- Data med tredjeparts opphavsrett
Kvifor opne opp data?
- Effektivisering og innovasjon: Gjennom opne data blir kunnskap delt både i og på tvers av offentleg og privat sektor. Deling av offentlege data legg til rette for meir samordning og kreativitet.
- Næringsutvikling: Fritt tilgjengelege data skaper ein ny marknad i form av nye applikasjonar og nye tenester basert på offentleg informasjon.
- Demokratisering: Med opne data får innbyggjarane lettare tilgang til grunnlag for avgjersler og prioriteringar i offentleg sektor. Ein open kultur kan inkludere eit større publikum i dei politiske prosessane.
- Gjennomsiktighet: Med opne data får alle breiare innsikt i offentlege prosessar. Dette kan bidra til å styrke tilliten til offentleg sektor og det politiske systemet.
Datahotell vekkjer internasjonal merksemd
Noreg og Difi si tilnærming til opning av offentlege data vekte oppsikt då den vart presentert på konferansen Open Government Data Camp (OGDC) i Warszawa førre veke.
Presentasjonar frå seminaret Open Data 14. juni
Offentlege data vert stadig viktigare, både nasjonalt og internasjonalt. Korleis kan vi i Noreg utnytte potensialet i å gjere offentlege datakjelder tilgjengeleg for vidarebruk? 14. juni inviterte Difi til seminar om opne data i Fylkeshuset på Leikanger. Her kan du sjå programinnhaldet og presentasjonane (i PDF) til foredragshaldarane.
Difi deler kartdata frå Noreg.no
Difi deler data frå Noreg.no sine databasar. Her får alle interesserte tilgang til å lese eller hente ut kontaktinformasjon og kartkoordinatar for offentlege etatar.