Hopp til innhold Hopp til navigasjon

Tjenestetilbud


Lenker


Les mer


Kontakt


Klart språk i staten

Difi leier prosjektet Klart språk i staten, som har som formål å stimulere til betre og meir brukarvennleg språk i statlege verksemder. Prosjektet blir drive i samarbeid med Språkrådet.

Prosjektet tilbyr mellom anna

  • nettstaden www.klarsprak.no, ein språkverktøykasse som inneheld praktiske verktøy, råd og tips om korleis språket kan gjerast meir klart og brukarvennleg. I tillegg finst blant anna informasjon om gjennomføring av språkprosjekt, erfaringar frå andre språkprosjekt, ein språkblogg og quiz. Her er og samla relevante undersøkingar og anna dokumentasjon.
  • Statens klarspråkspris, ein årleg pris som blir gjeven til ei statleg verksemd som har gjort ein ekstraordinær innsats for å bruke eit klart, godt og brukarvennleg språk i tekstane sine til publikum.  
  • prosjektstøtteordning der statlege verksemder kan søkje økonomisk støtte og fagleg rådgjeving for å gjennomføre eigne språkprosjekt. 
  • gratis kurs: - Klart språk i forvaltninga, - Nynorsk i arbeidet og - Å leie eit språkprosjekt
  • foredrag og innlegg om prosjektet og klarspråksarbeid for statlege verksemder
  • å vere samtalepartnar for verksemder som ønskjer å komme i gang med klarspråksarbeid

Bilde av skjermdump av Klarspråk.no

(24.08.2010)
Bilde av skjermdump av klarspråk.no
(01.07.2010)

2,1 millionar kroner til klarspråksarbeid

Prosjektet "Klart språk i staten" har delt ut 2,1 millionar kroner til 28 statlege verksemder som skal jobbe med å gjere språket betre og meir brukarvenleg.


(23.06.2010)

Skal du lede et språkprosjekt?

Har du fått ansvar for å sette i gang et språkprosjekt på din arbeidsplass, eller er du allerede i gang og trenger inspirasjon og nye ideer? Da kan kurset «Å lede et språkforbedringsprosjekt» være noe for deg.