Jobbe i Difi
Difi Direktoratet for forvaltning og IKT skal bidra til å utvikle og fornye norsk forvaltning. Dette skal vi gjere på basis av spisskompetanse innan leiing, utvikling av medarbeidarar, IKT, omstilling, organisering, kommunikasjon og offentlege innkjøp. Difi har om lag 220 tilsette i Oslo og i Leikanger. Vi legg vekt på mangfald og har som mål å nå ein balansert alders- og kjønssamansetjing og å rekruttere personar med funksjonshemming og personar med innvandrarbakgrunn.
Difi nyttar systemet Easycruit ved rekruttering. For å kunne lagre opplysningane du fyller inn i søknaden, må du logge deg inn som brukar. Utan å lagre vil du risikere tidsavbrot som fører til at du må starte registreringa på nytt.
Ved første gongs bruk tilrår vi at du registrerer deg som ny brukar og opprettar ein brukarkonto. Med brukarkonto får du mellom anna tilgang til å registrere CV-en din slik at han ligg i systemet til seinare bruk, og til profilbasert jobbvarsling.
Du kan også laste opp og/eller eksportere din portable CV.
Merk at ev. dokument som du lastar inn som vedlegg i CV-basen, ikkje vil følgje med søknadsskjemaet når du søkjer på ei stilling. Det er difor svært viktig at du registrerer fullstendige opplysninger i CV-basen eller i søknadsskjemet. I samband med eventuell innkalling til intervju vil vi be deg ta med originaldokumenta.
Nedanfor finn du utlysningar av ledige stillingar i Difi.
Finn du ikkje stillinga du leitar etter, kan du òg gå rett til stillingsdatabasen vår.