Rådgjeving og analyse
Difi gjev råd til departement og andre statlege verksemder innanfor våre fagområder.
Vi ynskjer å få fram gode og nye eksempel som andre kan lære av, og er opptekne av at det vi gjer kan dokumenterast, formidlast og delast med andre verksemder. Våre fagområder:
- organisering
- leiing
- statens kommunikasjonspolitikk
- klarspråk
- sosiale medier
- e-forvaltning
- offentlege innkjøp
- kompetanseutvikling
Prioritering av førespurnader
Vi skal i hovudsak ta på oss oppgåver som vi har betre kompetanse og føresetnader for å løyse enn det verksemda sjølv eller til dømes eksterne konsulentar, har.
Vi prioriterer dei oppgåvene som er viktigast når det gjeld utgreiing, planlegging og gjennomføring av større reformar og for realisering av regjeringa si politikk. Oppdraga vi tek, skal vanlegvis gjelde forvaltninga generelt og ha overføringsverdi.
Difi er budsjettfinansiert, og deltek ikkje i anbodskonkurransar. Direktekostnader knytt til oppdraget som ikkje er ein naturleg del av drifta vår, må oppdragsgjevar sjølv dekkje. Normalt vil det gjelde kostnader til reise, seminar og liknande.