Hopp til innhold Hopp til navigasjon

Rådgjeving

Difi gjev råd til departement og andre statlege verksemder innanfor omstilling, leiing, kommunikasjon, e-forvaltning, offentlege innkjøp, kompetanseutvikling og organisering. Vi gjev råd dels på eige initiativ, dels som svar på førespurnader frå verksemdene.

Vi ynskjer å få fram gode og nye eksempel som andre kan lære av, og er opptekne av at det vi gjer kan dokumenterast, formidlast og delast med andre verksemder.

Prioritering av førespurnader

  • Vi skal i hovudsak ta på oss oppgåver som vi har betre kompetanse og føresetnader for å løyse enn det verksemda sjølv eller til dømes eksterne konsulentar, har.
  • Vi prioriterer dei oppgåvene som er viktigast når det gjeld utgreiing, planlegging og gjennomføring av større reformar og for realisering av regjeringa si politikk.
  • Oppdraga vi tek, skal vanlegvis gjelde forvaltninga generelt og ha overføringsverdi.

Difi er budsjettfinansiert, og deltek ikkje i anbodskonkurransar.

Direktekostnader knytt til oppdraget som ikkje er ein naturleg del av drifta vår, må oppdragsgjevar sjølv dekkje. Normalt vil det gjelde kostnader til reise, seminar og liknande.

 

(05.01.2010)