Klart språk

Klarspråk-logo

Difi og Språkrådet samarbeider om tiltak for å stimulere til betre og meir brukarvennleg språk i statlege verksemder.

  • Nettstaden www.klarsprak.no inneheld praktiske verktøy, råd og tips om korleis språket kan gjerast meir klart og brukarvennleg. I tillegg finst blant anna informasjon om gjennomføring av språkprosjekt, verktøy for evaluering og måling av klarspråksarbeid, erfaringar frå andre språkprosjekt, døme på forbetra tekstar, quiz og språkhumor. Her er òg samla relevante undersøkingar og annan dokumentasjon og informasjon om arrangement og kurs.
  • Statens klarspråkspris er ein årleg pris som blir gjeven til ei statleg verksemd som har gjort ein ekstraordinær innsats for å bruke eit klart, godt og brukarvennleg språk i tekstane sine til publikum.
  • Fagleg rådgjeving: Difi tilbyr rådgjeving i prosjektarbeid, evalueringar og måling av verknadene av klarspråksarbeid. Språkrådet tilbyr språkfagleg rådgjeving.
  • Frukostseminar, konferansar og andre møteplassar for statstilsette som arbeider med klarspråk.
  • «Klart lovspråk» er eit eige prosjekt om språket i juridiske tekstar.

Difi kan også halde inspirasjonsforedrag og innlegg om prosjektet og klarspråksarbeid i samband med til dømes oppstartsseminar og leiarsamlingar i statlege verksemder. Vi kan også vere samtalepartnar og gje råd ved planlegging av eit klarspråksprosjekt og undervegs i arbeidet.

 

Sist endra: 
22. jun 2015

Sharethis