Den digitale postkassa er klar for bruk

Frå og med i dag kan offentlege verksemder sende post digitalt gjennom Difis løysning Digital postkasse til innbyggjarar. – Dette er ein milepæl i digitaliseringa av offentleg sektor, seier direktør Ingelin Killengreen i Difi.

Alle innbyggjarar som har oppretta ei postkasse hos Digipost, vil begynne å få post frå det offentlege levert i deira digitale postkasse. Tidleg i 2015 vil også e-Boks knytte seg til, slik at innbyggjarane kan velje mellom to postkasser.

Den første verksemda som koplar seg til løysninga er Statens innkrevjingssentral. Deretter følgjer NAV og Kreftregisteret tidleg i 2015.

– Vår viktigaste oppgåve no er å få offentlege verksemder til å ta løysinga i bruk, seier Killengreen.

Regjeringa har bestemt at alle statlege forvaltningsorgan som i dag sender post på papir til innbyggjarar, skal ta i bruk Difis løysning for digital postkasse til innbyggjar innan første kvartal 2016. Mange verksemder i stat og kommune er allereie i gang med å tilpasse seg dei nye muligheitene som digital post representerer.

Publisert: 14. nov 2014, Sist endret: 07. jan 2015

Deldette