Ein halv million har oppretta digital postkasse

Ein halv million innbyggarar har no oppretta ein digital postkasse hos anten e-Boks eller Postens Digipost, og kan motta digital post frå offentlege verksemder.

Opprett digital postkasse på Norge.no
 

Opprett din digitale postkasse på www.norge.no

Den digitale postkassa vart lansert i november i fjor. Med ein halv million brukarar aukaer presset på at det offentlege skal kome i gang med å sende post digitalt.

- Det er veldig gledeleg at innbyggarane vil ha digitale postkasser. No er det opp til dei offentlege verksemdene å sørge for at det kjem innhald i dei, sier Difi-direktør Ingelin Killengreen.

Innan første kvartal 2016 skal alle offentlege verksemder kunne sende post til innbyggarane digitalt.  På sikt skal innbyggarane kunne få all post frå det offentlege ein stad.

Fakta om digital post til innbyggar

  • Fire offentlege verksemder har til no tatt i bruk den digitale postkassa: Statens innkrevjingssentral, NAV, Kreftregisteret og Husbanken.
  • Kommunane også kan sende digital post til innbyggaren si postkasse hos e-Boks eller Postens Digipost gjennom den kommunale løysinga SvarUT.
  • Det er frivillig for innbyggarane å opprette ei digital postkasse.
  • Når innbyggarane får post, vil dei få varsel på SMS eller e-post.  Slik slepp dei å sjekke postkassa for ny post kvar dag.

 

Sjå filmen "Motta digital post fra det offentlige"

Publisert: 02. jul 2015, Sist endra: 30. nov 2017

Sharethis

Kontakt