Enklare innlogging i ID-porten med BankID på mobil

Frå november kan du logge inn til offentlege tenester med BankID på mobil.

ID-porten er ei felles innloggingsløysing til offentlege tenester på internett. ID-porten gir tilgang til over 670 tenester frå offentlege verksemder. BankID Norge AS er nå tildelt kontrakt på innlogging i ID-porten med løysinga BankID på mobil. For denne løysinga nyttar brukaren sin mobiltelefon eller nettbrett.

– Difi er fornøgd med at BankID på mobil skal bli tilgjengeleg i ID-porten. Vi trur at det kan gje endå større bruk av mange offentlege tenester, seier avdelingsdirektør  i Avdeling for IT drift og utvikling Torgeir Strypet.

Avtalen som er inngått gjeld kjøp av sertifikattenester på høgaste sikkerheitsnivå (nivå 4). Saman med dei eksisterande avtalane med BankID, Buypass og Commfides gir dette innbyggarane og næringslivet auka valfridom og sikker kommunikasjon med offentlege verksemder.

ID-porten
Hjelp til innlogging
Norge.no
Veiviser til offentlige tjenester på nett

 

Publisert: 24. sep 2015, Sist endra: 25. sep 2015

Sharethis

Kontakt