Ny e-signaturteneste gir trygge digitale avtalar

Elektronisk signatur er ei ny nasjonal fellesteneste forvalta av Difi. Målet er å sette tenesta i produksjon i april 2016.

Signaturtenesta vil gjere det enklare for det offentlege og innbyggarane å signere kontraktar og avtalar digitalt.

Den nasjonale fellestenesta omfattar ein eigen signeringsportal, og er ei løysning for å integrere digital signering i ei kva som helst eksisterande nettside.

For innbyggarar og næringsdrivande vil denne tenesta gjere det mogeleg å signere gyldig avtalar og kontraktar med offentleg sektor direkte via nett. I tillegg blir det lagt på eit tidsstempel i dokumentet, som garanterer for tidspunktet då signaturen blei gjort.

Den nye signeringstenesta går inn i ei rekkje av tenester og løysingar som Difi har ansvar for, og som samla utgjer ei fellesoffentleg verdikjede. 

– Elektronisk signatur er eit sentralt element i å digitalisere offentleg sektor, fordi dette bidreg til å effektivisere manuelle prosesser og auke graden av sjølvbetening. Ei sikker og brukarvennleg signeringsløysning vil bidra til å forbetre og forenkle sentrale for både stat og kommune, seier Torgeir Strypet i Difi.

Det var Posten Norge som vant kontrakten for levering av denne frittståande signeringstenesta, utlyst av Difi. Avtalen ble signert 5. oktober.


Felleskomponentar og –løysingar:

  • ID-porten
  • MinID
  • Sikker digital post
  • e-signatur
ID-porten
Hjelp til innlogging

 

Publisert: 06. okt 2015, Sist endra: 28. sep 2017

Sharethis

Kontakt