Oppdatere informasjon i Kontakt- og reservasjonsregisteret

Difi ber innbyggarar oppdatere kontaktinformasjonen sin i Kontakt- og reservasjonsregisteret. Varslinga skjer primært på e-post, eller sms.

Difi har  ansvaret for å sikre at Kontaktregisteret er så korrekt som mogeleg. Innbyggarar som ikkje har oppdatert/bekrefta kontaktinformasjonen sin i kontaktregisteret i løpet av det siste halvanna året, vert varsla slik at dei har sjanse til å gå inn og sjekke kontaktinformasjonen sin før dei vert tatt ut av registeret.

Varslinga vert gjort to månader før 18-månadersgrensa er nådd, etter 16 månader. Varslinga skjer primært på e-post, eller sms. I meldinga vert det vist til Norge.no der «Oppdater kontaktinformasjonen din» ligg som ein godt synleg knapp under Mest brukte tenester.

Etter 18 månader vil dei som framleis ikkje har oppdatert kontaktinformasjonen verte markerte som passive i kontaktregisteret. Dei vil deretter ikkje motta verken varsel eller post digitalt, med mindre dei sjølv går inn og oppdaterer kontaktinformasjonen sin på nytt.

Dette er teksten som vert sendt i varselet på e-post:

Emnefelt:
Bekreft kontaktopplysninger i det nasjonale kontaktregisteret / Please update contact information in the Norwegian public contact register.

Meldingstekst:
Dine opplysninger i det nasjonale kontaktregisteret har ikke blitt oppdatert på lenge. Du må bekrefte opplysningene for at de fortsatt skal kunne brukes av stat og kommune. Gå til norge.no eller ring ID-porten 800 30 300 for info.

Please update your contact information in the public digital contact register. Go to norge.no or call 800 30 300 for info.

Vennlig hilsen

Direktoratet for Forvaltning og IKT (Difi)

Norge.no
Veiviser til offentlige tjenester på nett

 

Publisert: 27. nov 2015, Sist endra: 27. nov 2015

Sharethis