Har verksemda di tidstjuvar vi kan sjå nærare på?

- Vi er interessert i kontakt med verksemder og departement som har ein tidstjuv vi kan sjå nærare på. Kanskje vi kan utvikle eit eksempel på korleis vi kan løyse problemet?, seier Rune Kjørlaug ansvarleg for DifiCamp.

 
 

- Vi er interessert i kontakt med verksemder og departement som har ein tidstjuv vi kan sjå nærare på. Kanskje vi kan utvikle eit eksempel på korleis vi kan løyse problemet?, seier Rune Kjørlaug ansvarleg for DifiCamp.

I fleire år har avdeling for IT drift og utvikling (IDU) arrangert DifiCamp for å rekruttere nyutdanna innan IT til utviklingsmiljøet i Leikanger. I løpet av nokre hektiske sommarmånader får studentane prøve seg på praktiske oppgåver for forvaltninga, og gjort seg kjend i Leikanger.

Sjå meir om DifiCamp her: 

I fjor fekk studentane i oppgåve å vurdera korleis ein kan automatisere rapportering på målform i forvaltninga. Det vart laga eit eksempel på korleis ein ved bruk av offentleg tilgjengeleg data kan fullautomatisere denne.

Mulige løsninger med bruk av nye arbeidsformer? Ved seniorrådgiver Rune Kjørlaug, Difi

Også i år vil ein rekruttere studentar til sommarjobb i Leikanger. Rekrutteringa av studentar har starta, og verksemder som har konkrete oppgåver eller problemstillingar som kan utfordre studentane er velkomne til å ta kontakt. 

Ta kontakt med Rune Kjørlaug for meir informasjon.

Publisert: 05. jan 2016, Sist endra: 10. sep 2017

Sharethis

Kontakt