Ny film om universell utforming av IKT og meir rettleiing

Tilsynet i Difi har lansert ny film med 24 konkrete tips til korleis du kan jobbe med universell utforming av IKT. Meir rettleiing er også no tilgjengeleg på uu.difi.no.

Tilsynet i Difi har lansert ein ny teiknefilm med tips om universell utforming av IKT, Ein introduksjon til universell utforming av IKT. Målgruppe for filmen er dei som jobbar med innhald på nett, design og koding. Filmen vart publisert ved juletider, men er no ute i endeleg versjon.

Filmen er basert på ein britisk informasjonsfilm, Make Technology Work for Everyone: introducing digital accessibility, laga av stiftinga Citizen Online.

I tillegg har tilsynet denne veka lagt ut meir rettleiing på uu.difi.no for nettredaktør, innhaldsansvarleg og prosjektleiar. Dette er rettleiing om universell utforming av dokument, PDF, video og lydklipp, i tillegg til meir om feilhandtering, tabellar og skjema. Du får også kunnskap om brukarane og dei som har utfordringar med syn, høyrsel, kognisjon og motorikk. I tillegg får du hjelp til å kome i gang med råd til redaktøren, hjelp til korleis teste universell utforming av nettstaden din, om utviklingsprosessen og brukartesting med funksjonshemma.

Les meir i fagbloggen på uu.difi.no om filmen og nytt rettleiingsmateriell.

Sist endra: 
18. aug 2017

Sharethis

Kontakt