Utlegging av sjølvmelding gav rekordtrafikk gjennom ID-porten

Illustrasjonsbilde

Natt til torsdag 31. mars vart sjølvmeldinga tilgjengeleg for 4,7 millionar lønnstakarar, pensjonistar og næringsdrivande. Den første timen etter midnatt vart det gjennomført over 260 000 innloggingar i ID-porten.

Sjekk sjølvmeldinga på Altinn.no

Brukarstøtte for innlogging med ID-porten

Normaltrafikk i ID-porten

Gjennomsnittleg er det rundt 200 000 innloggingar i døgnet i ID-porten. Allereie første timen torsdag 31. mars var dette gjennomsnittstalet passert, og i løpet av natta og morgontimane har tal innloggingar allereie passert 1 million. 

Interessa for å sjekke skatten på natta er langt sterkare i år

Ved utlegging av sjølvmeldinga i 2015 hadde ID-porten 96 700 innloggingar den første timen etter midnatt. Men i natt nesten tredobla dette talet seg.

Det er forventa høg trafikk gjennom ID-porten heile denne dagen. ID-porten si Brukarstøtte er godt bemanna og opningstida er utvida til kl. 18:00.

Den store trafikken utløyser ventetidsplakaten

Så stor er interessa for å sjekke sjølvmeldinga, at trafikken av og til blir avgrensa ved å vise ein ventetidsplakat.
- Avgrensinga i trafikk sikrar at ID-porten ikkje går ned og dermed blir heilt utilgjengelig, seier produktsjef Frank Fardal. Ved at nokon brukarar ikkje slipp til, sikrar ein at fleirtalet av brukarane har normal tilgang.

 

Status kl. 24:00

Innlogginger hittil i dag med ID-porten til Altinn: 2 996 924

 

Publisert: 31. mar 2016, Sist endra: 01. apr 2016

Sharethis

Kontakt