Deichmanske bibliotek Tøyen vart årets digitale suksesshistorie

Deichmanske bibliotek Tøyen vann i dag publikumsprisen for årets digitale suksesshistorie på Direktoratet for forvaltning og IKTs (Difi) digitaliseringskonferanse i Oslo.

Sjå foto på Flickr:
https://www.flickr.com/photos/difi_no/26952119713/in/dateposted-public/
https://www.flickr.com/photos/difi_no/27283898700/in/dateposted-public/

Difi inviterte alle i offentleg sektor, leverandørar og brukarar til å nominere fleire kandidatar til kåringa av årets digitale suksesshistorie.

- Vi treng nytenking i korleis offentlege tenester skal utformast, og vi må ta i bruk moderne teknologi. Då er det godt å sjå at vi har ungdommeleg kreativitet og kompetanse! Vi treng fleire som dykk framover, seier direktør Steffen Sutorius i Difi.

Dagens ungdommar stiller store krav til at ting skjer så friksjonsfritt som mogleg. Deichmanske bibliotek, Biblo Tøyen har derfor tatt med seg ungdommen og utvikla eit bibliotek- og utlånssystem, som er langt meir effektivt enn dei ein finn hos dei fleste andre bibliotek, ved bruk av RFID for skanning av bøker og dronar til vareteljing. Delar av løysinga er utvikla av fem guttar mellom 17 og 18 år.

Tre finalekandidatar kjempa om å verte årets digitale suksesshistorie:

  • Deichmanske bibliotek Tøyen - Biblioteksystem
  • Husbanken og kommunane - Startlån
  • Utdanningsdirektoratet – Eksamenstenesta eksamen.udir.no

Direktør Steffen Sutorius i Difi gratulerte vinnarane: Geir Vevle (HRAFN), avdelingsleiar Reinhardt Mithassel (Deichmanske bibliotek Tøyen), og frå RadonByte: Thomas Lund Mathisen, Tor Berre og Erling Skaarseth Rørvik.

Les meir om digitaliseringsprisen

Presentasjonsfilm av Deichmanske bibliotek Tøyen - Biblioteksystem

 

Publisert: 09. jun 2016, Sist endra: 21. nov 2017

Sharethis

Kontakt