Prisen for årets digitale teneste til Husbanken

Husbankens løysing Søknad om startlån vart i dag tildelt prisen «Årets digitale teneste – Kvalitet på nett 2016» på Direktoratet for forvaltning og IKTs (Difi) digitaliseringskonferanse.

– Dette er eit godt døme på at deling av data på tvers av offentlege verksemder gir gode tenester for brukarane, seier direktør Steffen Sutorius i Difi.

Utnyttar teknologi

Søknad om startlån fekk prisen mellom anna fordi løysinga utnyttar teknologi til å gjere oppgåveløysinga enklare for brukaren. I særleg grad gjeld dette arbeidet med å effektivisere søknadsprosessen, både for brukarane og banken sjølv, ved å hente data frå andre offentlege verksemder.

God brukaroppleving

I tillegg har Husbanken lagt ned mykje arbeid i å gi ei god brukaroppleving uansett om kunden vel å bruke desktop eller mobil. Tenesta har eit moderne design med balansert ikonbruk og effektiv bruk av animasjonar.

Vinnaren har vore gjennom ei grundig vurdering. Først har Difi gjort ei ekspertvurdering av tenesta, saman med 63 andre offentlege digitale tenester. Deretter har tenesta vorte brukartesta. Til slutt har ein jury gått gjennom denne og to andre tenester for å kåre den endelege vinnaren. Dei to andre som vart vurdert av juryen er Oslo kommune – ambulerande skjenkebevilling og Vegvesenet – salsmelding.

Difi har sidan 2004 delt ut pris til offentlege nettstader. Prisen for årets digitale teneste vart delt ut for første gong i 2014. Prisen vert delt ut annakvart år.

Meir om Kvalitet på nett og digitale tenester

Husbanken vinnar av årets digitale teneste 2016
 

Vinnarane av Årets digitale teneste - Kvalitet på nett 2016: Prosjektleiar Trond Venger og seniorrådgivar Randi Mathiesen frå Husbanken.

Høgoppløyseleg foto av prisvinnarane på Flickr

Publisert: 09. jun 2016, Sist endra: 18. okt 2017

Sharethis

Kontakt