Éin million innbyggarar har oppretta digital postkasse

Solveig Boland fra Løten er bruker nummer en million av digital postkasse. Foto: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Éin million innbyggarar har no oppretta digital postkasse og er klare for å få digital post frå det offentlege.

Sjå pressemeldinga på Regjeringen.no

– Dette er ein viktig milepåle for det offentlege, seier direktør Steffen Sutorius i Difi.

Sidan nyttår har talet på innbyggarar med ein digital postkasse dobla seg. Difi har køyrt målretta kampanjar for å informere innbyggarane, samtidig som det har vore stor vekst i talet på verksemder som kan sende brev digitalt i løysinga. Meir enn 200 statlege verksemder og kommunar er no i gang med digital postkasse.

– Vi er veldig fornøgde med veksten som har vore i 2016. Det er viktig for at det offentlege skal realisere gevinstane ved å sende mindre brev på papir, seier Sutorius.

Solveig vart nummer éin million

Solveig Boland kjem frå Hedmark, og valte digital postkasse for enkelt å kunne skaffe seg politiattest. Måndag besøkte ho kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner som digital post-kunde nummer éin million, og fekk både kake og nettbrett i gåve.

Difi har rekna ut at det offentlege kan sende minst 40 millionar brev digitalt i staden for på papir kvart år. Dette kan spare det offentlege for 400 millionar kroner kvart år, som kan brukast på meir fornuftige ting enn porto og papir. Med ein million registrerte postkassar har det offentlege kome eit godt stykke på veg med å kunne realisere denne gevinsten.

– Framleis er det mange som ikkje har ein digital postkasse. Når vi no har passert denne viktige milepålen samtidig som stadig fleire verksemder sender digitale brev, trur vi på sterk vekst også framover, seier Sutorius.

Fakta om digital postkasse til innbyggar:

  • Regjeringa har bestemt at alle statlege forvaltningsorgan som i dag sender post på papir skal ta i bruk Difis løysing for digital post til innbyggarar.
  • Totalt er over 200 offentlege verksemder i gang med løysinga, mellom anna NAV, Politiet, Statens Vegvesen og Husbanken. Store kommunar som Oslo, Bergen, Trondheim og Kristiansand er også i gang.
  • Innbyggarane kan velje mellom dei to leverandørane e-Boks og Digipost ved å gå til www.norge.no.
  • Det er mogleg å få post frå både privat og offentleg sektor i dei to godkjende postkasseløysingane
  • Statistikk for bruk av digital postkasse
Publisert: 08. aug 2016, Sist endra: 19. okt 2017

Sharethis

Kontakt