Stor vekst i dei nasjonale fellesløysingane

Illustrasjonbilde

Difi sine nasjonale fellesløysingar har hatt ein kraftig vekst i bruk og utbreiing i 2016. Det betyr at offentleg sektor digitaliserer tenester og prosessar i eit hurtig tempo.

– Vi må kontinuerleg forbetre, forenkle og automatisere forvaltning og drift av fellesløysingane, slik at vi greier å absorbere den store auken i bruk på ein god og kostnadseffektiv måte, sier Torgeir Strypet.

Den store veksten har ikkje kome av seg sjølv. Målretta marknadsarbeid, god forvaltning og stabil drift i løysingane har gjort sitt til suksessen. I snitt blei det etablert ca. 30 nye tenester knytt opp til ID-porten per månad. Ein så stor vekst krev høgt tempo hos dei som jobbar med marknads- og tenesteoppfølging. Arbeidet med å profesjonalisere og automatisere eigen forvaltning er godt i gang.   

 

 

2015

2016

Vekst i %

Innloggingar i ID porten

67 038 712

90 621 832

35

Tal tenester i ID porten

827

1 165

40

Tal verksem. som brukar kontakt- og reservasjonsreg.

103

385

274

Tal brev sendt i digital postkasse

1 530 000

4 250 000

178

Tal verksemder som sender digital post

62

334

439

Tal innbyggarar med digital postkasse

571 677

1 490 996

161

Spennande om utviklinga i den digital postkassen

Utviklinga knytt til digital post er spennande, spesielt med tanke på løysinga si store merksemd i media i fjor.

– Mykje tyder på at det er ute i kommunane at digital post til innbyggarane kjem til å auke mest. Den digitale postkassen skal ikkje lenger berre vere ein postkasse. Nye funksjoner kjem i løysinga som legg til rette for enkel dialog mellom etat og innbyggar, og mellom postkassen og etatar sine portalar, seier Torgeir Strypet.

Sist endret: 
08. mar 2017

Deldette