Rekordmange sjekka skatten på natta

Illustrasjonsbilde - skattemeldingen

Natt til tysdag 4. april vart skattemeldinga tilgjengeleg for nesten 5 millionar lønnstakarar, pensjonistar og næringsdrivande. Gjennom tysdagen vart det gjennomført litt over 2,8 millionar innloggingar til Altinn.

Normaltrafikk i ID-porten er gjennomsnittleg +/- 300 000 innloggingar i døgnet. Allereie dei første timane var dette gjennomsnittstalet passert. Klokka 01.00 var tal innloggingar på over 427 000. Ved utlegging av sjølvmeldinga i 2016 hadde ID-porten 260 000 innloggingar den første timen etter midnatt. Det var rekordhøgt, men det viste seg at òg dette talet vart passert med god margin. Den nye rekorden kan òg ha samanheng med at skattemeldinga var tilgjengeleg allereie frå kl. 22.30 måndag.  
 
Sjølv om det meldte seg ustabilitet i BankID har tal innloggingar vore litt høgare enn i 2016. Like før klokka 17.00 runda ID-porten 2 millionar innloggingar til Altinn, det er om lag 30 000 fleire enn på same tid i fjor. Tal unike brukarar har òg auka i høve til fjoråret, og det tyder på at fleire fekk gjort det dei skulle når dei var logga inn.

BankID hadde utfordringar

Det har vore problem med BankID som innloggingsløysing. Dette gjorde at mange brukarar ikkje fekk logge inn til Altinn på dei første forsøka sine. Trafikken mot Altinn og skattemeldinga frå ID-porten er no stabil. Truleg har dei mest digitale brukarane vore inne å lest skattemeldinga, og ein forventar at trafikken vil vere jamn og god framover. 

MinID fekk eit oppsving i bruk

Brukarane tilpassa seg problema med BankID ved å ta i bruk MinID. Funksjonen «gløymd passord» vart brukt heile 123 793 gonger.

Den rekordstore trafikken utløyste ventetidsplakaten

Det var forventa høg trafikk gjennom ID-porten heile denne dagen. I periodar vart trafikken gjennom ID-porten avgrensa, og mange har møtt ventetidsplakaten.
- Avgrensinga i trafikk sikrar at ID-porten ikkje går ned og dermed blir heilt utilgjengelig, seier produktsjef Frank Fardal. Ved at nokon brukarar ikkje slepp til, sikrar ein at fleirtalet av brukarane har normal tilgang. For kvar som logger seg ut, er det ein ny som kjem inn.
 

Status 4. april 

Innloggingar hittil med ID-porten til Altinn:
Sum 2 824 955
 

 

Brukerstøtte for innlogging med ID-porten

Sjekk skattemeldinga på Altinn.no

Sist endra: 
05. apr 2017

Sharethis