Tilsynet med ny rettleiar om universell utforming av automat

Illustrasjon av universell uplassering av automatar

Tilsyn for universell utforming av IKT i Difi startar kontroll av sjølvbeteningsautomatar. For å gjere det enklare for verksemdene, har tilsynet laga rettleiing for korleis du plasserer automaten din slik at den følgjer krava til universell utforming.

Din automat – ditt ansvar, tilsynet hjelper deg

Tilsynet vil starte å kontrollere betalingsterminalar i butikk, minibankar, vareautomatar og billettautomatar.

- Alle som eig ein butikk, kiosk eller ei verksemd som har ein betalingsterminal eller ein anna type automat, har eit ansvar for å kjenne til og følgje krava til universell utforming. Tilsynet startar no med kontrollar, men vi vil også informere og hjelpe verksemdene med å følgje krava. Derfor har vi laga denne rettleiaren, seier tilsynsleiar Malin Rygg.

Det er lovkrava frå 1. juli 2013 om universell utforming som er utgangspunkt for kontrollen. Private og offentlege verksemder som har sjølvbeteningsautomatar må sette seg inn i, og innrette seg etter krava.

– Ingen er tent med automatar som folk ikkje kan bruke. Derfor må butikkane kjøpe automatar som er universelt utforma. I tillegg må dei plassere dei slik at alle kan nå og bruke automaten. Korleis du gjer det, ser du i rettleiinga vår, seier tilsynsleiar Malin Rygg.
 

 Sjå rettleiinga på uu.difi.no

For meir informasjon og rettleiing om tilsynet og om krava til universell utforming av IKT, sjå tilsynet sin nettstad uu.difi.no.

I menypunktet om automatar kan du sjå ein heilt ny 2-minuttars film om universell utforming av sjølvbeteningsautomatar.

Publisert: 15. mai 2017, Sist endra: 15. mai 2017

Sharethis

Kontakt