NAV vart årets digitale suksesshistorie

NAV vann digitaliseringsprisen for årets digitale suksesshistorie på Digitaliseringskonferansen.

– Årets vinnar er eit godt døme på korleis ein kan gjere ting på nye måtar og leverer tenester som både effektiviserer forvaltninga og gjer kvardagen enklare for brukaren. Både regjeringa og Difi har store forventningar til digitaliseringa av offentleg sektor, seier direktør Steffen Sutorius i Difi.

Ein kort presentasjon av tenesta

Sjå fleire bilete på Flickr

Difi inviterte alle i offentleg sektor, leverandørar og brukarar til å nominere kandidatar og tre finalistar vart valt ut av årets jury. Vinnaren vart stemt frem av publikum under årets konferanse.

Med 3,8 millionar sjukemeldingar i året fordelt på 830 000 personar er det behov for å forenkle kommunikasjonen mellom alle som er involvert i eit sjukefråvære: den sjukemeldte, arbeidsgivaren, legen og NAV.

Digitaliseringa skal frigjere tid og ressursar frå det som i dag går til manuelle rutinar som inneber papir og post og telefon. Tida skal i staden brukast på å auke kvaliteten i oppfølgingsarbeidet slik at den sjukemeldte skal kunne komme raskare tilbake i arbeid.

Prisutdelinga

Tre finalekandidatar kjempa om å verte årets digitale suksesshistorie:

  • NAV – digital sjukefråværeoppfølging
  • Bergen kommune, Digifrid – den digitale medarbeidar
  • CERES – Vitnemålsportalen

Direktør Steffen Sutorius i Difi gratulerte vinnaren. Dei som tok i mot var prosjektleiar Ingrid Nikolic og prosjekteigar Kristian Munthe fra NAV. Premien var eit litografi av Ingrid Haukelidsæter.

Les meir om digitaliseringsprisen

Publisert: 08. jun 2017, Sist endra: 18. okt 2017

Sharethis