Noreg oppover på indeks for opne data

Global Open Data Index (GODI) måler i kor stor grad offentlege data er gjort tilgjengeleg som opne data. Resultata for 2016 er no klare, og Noreg hoppar frå 10. til 5. plass etter å ha falle på indeksen dei to føregåande åra.

Indeksen har valt ut 15 kategoriar, alt frå tilgang på nasjonale kartdata til værdata, nasjonal statistikk, vasskvalitet og data om offentlege utgifter. I kvar av desse kategoriane måler indeksen i kva grad data er gjort tilgjengleg som opne data.

Tabell - Noreg i Global Open Data

Kvifor klatrar Noreg?

Kriteria i indeksen har endra seg frå sist. Dermed kan ein ikkje samanlikne resultata direkte med 2015. GODI gir likevel ein god peikepinn på status for tilgang på åpne offentlege data i Norge.

I år var lovforslag («Draft legislation») og administrative grenser to nye kategoriar, og begge var tilgjengelege i Norge frå høvesvis Stortinget og Kartverket.

Null poeng for offentlege utgifter og vasskvalitet

For å få poeng i ein kategori, må ein først oppfylle grunnleggande krav til datasettet. Først når ein oppfyller dei grunnleggande krava, vert det gjeve poeng på vidare kriterier. Døme på kriterier som gjev poeng er om datasettet er underlagt ein open lisens, om det er i maskinlesbart format og om det er gratis.

Til liks med ei rekkje andre land får Norge null poeng på tilgang til data om offentlige utgifter. Dette til tross for at statsrekneskapen er gjort tilgjengeleg som opne data av Direktoratet for økonomistyring (DFØ). Grunnen til den dårlege utteljinga er at kriteria stiller krav om tilgang til data på transaksjonsivå, altså informasjon om enkelttransaksjonar.

Data om vasskvalitet er forvalta av Mattilsynet. Årsaka til manglande utteljing her er at det er uvisst om data frå Noreg oppfyller dei grunnleggande krava, og ein fekk ikkje svar frå ekspertar i tide. For datasetta om vasskvalitet er det blant anna at krav om at dei har målingar av både arsenikk og nitrat i vatnet.

Publisert: 20. jun 2017, Sist endra: 25. aug 2017

Sharethis

Kontakt