Politiske parti stenger folk ute på nett

Illustrasjonsfoto: Surfer på nettside

I 2013 vedtok Stortinget at nettsider skal vere tilgjengelege for alle. No viser ei måling tilsynet i Difi har gjennomført i mai at ingen av dei politiske partia oppfyller krava.

- Tilgangen på informasjon om kva politikk dei ulike partia vil føre, er ein føresetnad for eit fungerande demokrati, seier tilsynsleiar Malin Rygg.

89 % av innbyggarane brukar internett dagleg (SSBs mediebarometer 2017) og internett er ein av dei aller viktigaste kanalane når veljarane skal få informasjon om partiprogramma. Opp mot 20 % - eller 1 million nordmenn, er avhengig av at nettsidene er universelt utforma for å ikkje bli utestengt – dette gjeld mellom anna eldre, veljarar med dysleksi eller norsk som andrespråk, veljarar med nedsett syn eller høyrsel. - Partiprogramma er informasjon som det er viktig at alle har like god anledning til å sette seg inn i, seier Malin Rygg.

Ingen parti er gode nok på universell utforming

Målinga vår viser at alle partia bryt med forskrifta sine krav til tilgjengelege nettsider.

Arbeiderpartiet er det partiet som hadde færrast brot på forskrifta, her er 81 prosent av testresultata i samsvar med krava i forskrifta. Dårlegast resultat hadde Kristeleg folkeparti med 38 prosent, følgd av Fremskrittspartiet med 52 prosent og Miljøparti de grøne med 57 prosent. Minstekrava krev 100 % samsvar.

Det er lovkrava frå 1. juli 2013 om universell utforming som er utgangspunkt for målinga. Private og offentlege verksemder som har nettløysingar må sette seg inn i, og innrette seg etter krava.

- Alle dei politiske partia brukar nettet aktivt for å nå ut med sin plattform og derfor er vi skuffa over at partia ikkje tek universell utforming på alvor, seier tilsynsleiar Malin Rygg.

Stortingsval

Målet med statusmåling er å undersøke om alle har like moglegheiter til å finne informasjon på nettsidene til dei politiske partia på Stortinget. Til hausten er det stortingsval og det er viktig at alle, uavhengig av alder, funksjonsevne og utdanningsnivå, har like moglegheiter til å hente informasjon om viktige politiske standpunkt hos partia.

Meir om resultata finn du på tilsynet sine nettsider: https://uu.difi.no/tilsyn/statistikk-og-undersokelser/er-nettsidene-til-partiene-pa-stortinget-tilgjengelige-alle

Frå august kan du få opplæring i universell utforming

Publisert: 16. jun 2017, Sist endra: 13. sep 2017

Sharethis

Kontakt