Vellukka tidstjuvprosjekt

Tidstjuvprosjektet har vore vellukka, konkluderer Rambøll og Red Tape Crossing med i sin rapport. Prosjektet har gitt auka legitimitet til arbeidet med kontinuerleg forenkling og forbetring i forvaltninga.

Last ned

Tidstjuvprosjektet

Tidstjuvprosjektet var i gang frå 2014-2017.

Forvaltninga identifiserte og samla inn tidstjuvar i 2014 og 2015. Desse vart lagde inn i Difi sin tidstjuvdatabase.

Du kan lese meir om prosjektet her.

Dei sentrale verkemidla i tidstjuvarbeidet vart evaluerte av Rambøll i ein forprosjektrapport. Rapporten kan du finne her.

KMD, KS og Difi samarbeider om eit tidstjuvprosjekt i kommunesektoren. Du kan lese meir om dette prosjektet her.

Tidstjuvprosjektet vart sett i gang i 2014 og har hatt som mål å gjere samhandlinga enklare for innbyggjarar, frivillig sektor, kommunar og næringsliv. Tilsette vart oppfordra til å identifisere og melde vidare kva dei opplever som unødvendig tidsbruk. Samla sett er om lag 1 800 tidstjuvar meldt vidare i Difi sin tidstjuvdatabase. Dei fleste av desse er behandla vidare i verksemda som har ansvar for problemfeltet.

Rambøll og Red Tape Crossing har evaluert arbeidet. Dei konkluderer med at prosjektet har vore vellukka. Prosjektet har

  • gitt større legitimitet til forvaltninga til å arbeide med forenkling og forbetring
  • gitt oversikt over tidstjuvar
  • bidratt til auka fagleg samarbeid på tvers i forvaltninga og betre koordinerte forvaltningsprosjekt

Oppsummeringsnotatar

– I Difi har vi brukt tid på å oppsummera tidstjuvinnmeldingane. Vi såg at mange av innmeldingane med fordel kunne verte sett i samanheng når dei skulle følgjast opp. Oppsummeringane vi har laga ga eit godt utgangspunkt for å få ei samla oversikt over kva område tilsette meiner det er behov for å forenkle, seier avdelingsdirektør i Difi, Eivor Nebben, og viser til notata Difi har utarbeidd i samband med prosjektet.

Sjølv om Rambøll meiner desse notata har betydd mindre, har desse vore viktige for KMD og Difi i arbeidet med å stimulere til at forvaltninga tek fatt i arbeidet med å følge opp tidstjuvar.

Tidstyvprosjektet forløysande

– Eg legg også merke til at mange av tidstjuvane handla om problemstillingar som forvaltninga allereie kjende til, seier Nebben. – Tidstjuvarbeidet har likevel bidratt til at eksisterande arbeid vert gjort meir synleg, og har delvis påverka innretninga av dette. I mange tilfelle har tidstjuvprosjektet også vore forløysande for at forbetringsarbeid vart sett i gang, fortset ho.

Eksempel som evalueringa viser til er:

  • tilsetting av fylkeslege
  • godkjenning av utanlandsk utdanning
  • rapportering og rollar i beredskaps- og krisesituasjonar
  • lokale energiutgreiingar

– Eg vil også framheve at departementa har sett i gang mykje arbeid no den siste tida. Statsråd Jan Tore Sanner har vore ein aktiv pådrivar overfor sine kollegaar. Det har betydd mykje, seier Nebben.

Framleis behov for høg politisk forankring

Den gode politiske forankringa vert halden fram som eit viktig suksesskriterium for prosjektet. Politisk forankring, merksemd og bruk av «harde» styringsverkemiddel som fellesføringar i tildelingsbrev har betydd mykje for den aktiviteten som har funne stad. Rambøll skriv at dette trykket må halde fram.

Leggje meir vekt på kontinuerleg forbetring og effektivisering

Rambøll anbefaler vidare at det framover bør leggjast meir vekt på kontinuerleg forbetring. Det bidraget som har betydd mest i tidstjuvprosjektet, har ikkje vore å avdekke konkrete problemstillingar, men å gi legitimitet og merksemd til kontinuerleg forbetringsarbeid i forvaltninga. Framover anbefaler dei at det vert lagt meir vekt på kontinuerleg forbetring framfor einskildsaker.

– Vi er svært einige i denne anbefalinga. Eg kan mellom anna vise til at Difi no utviklar rettleiing i systematisk effektivisering av forvaltninga. Dette arbeidet bygger i stor grad på den innsatsen som vart påbegynt i tidstjuvarbeidet, samtidig som vi legg enno meir vekt på å realisere gevinstane, avsluttar ho.

Sist endra: 
15. aug 2017

Sharethis

Kontakt