Tilsynet sine måleindikatorar er tilgjengelege på nett

Illustrasjonsbilde av tilsynets måleindikatorer

Tilsyn for universell utforming brukar indikatorar i tilsyn og statusmålingar av nettløysingar. Desse indikatorane er no publiserte på nett. Verksemder som vil evaluere eigne løysingar eller skaffe seg nye, kan bruke indikatorane i sitt arbeid.

Tilsynet kan ikkje lese direkte ut av ei nettside om ho er utforma i samsvar med krava i standarden for universell utforming av nettsider, WCAG 2.0. Difor treng vi indikatorar som gir oss «indikasjonar» om i kva grad krava til universell utforming er ivaretekne.

Slik måler vi kvart enkelt suksesskriterium

Ved hjelp av tilsynet sitt sett av indikatorar er lovkrava tolka og beskrivne slik at dei er målbare. Ved å bruke indikatorane, får vi test- eller måleresultat for kvart enkelt suksesskriterium. Ved å sette saman informasjon eller testresultat frå fleire eller alle indikatorane, får vi informasjon om i kva grad ei nettløysing er utforma i samsvar med regelverket.

Dette skal også sikre at tilsynet både kan sette saman testresultat for å gje ei samla vurdering av ein nettstad, og samtidig generere statistikk som gir informasjon om mange nettstader.

Tilsynet har utarbeidd til saman 50 indikatorar for å måle samsvar eller brot med dei 35 suksesskriteria i WCAG 2.0, som er obligatoriske etter forskrifta. Kvar indikator bygger på:

  • ei dokumentert tolking av WCAG 2.0
  • informasjon om kva som skal til for å oppfylle kvart enkelt suksesskriterium
  • ei standardisert og detaljert testprosedyre
  • fastsette malar for registrering av testdata
  • førehandsdefinerte testresultat som blir automatisk genererte frå registrerte testdata
     

Tilsynet oppmodar alle kontaktar i fagmiljø, organisasjonar, myndigheitsorgan og andre interessentar, om å prøve ut indikatorane og gje innspel attende.

Indikatorsettet er framleis under arbeid og vi set pris på alle tilbakemeldingar.

Måleindikatorane er publiserte på uu.difi.no

Publisert: 21. sep 2017, Sist endra: 21. sep 2017

Sharethis

Kontakt