Difi skal dele ut 120,9 millionar til digitaliseringsprosjekt i 2018

Grafikk av medfinansieringsordningen

Difi vil også i 2018 forvalte ei nasjonal ordning for delfinansiering av lønsame digitaliseringsprosjekt (med atterhald om Stortinget sitt vedtak i desember). Totalramma for ordninga er 120,9 millionar kroner, ein auke på 9,1 millionar frå 2017.

Medfinansieringsordninga for små og mellomstore digitaliseringsprosjekt skal bidra til å auke digitaliseringstempoet i offentleg sektor og gi reell gevinstrealisering.

– Ordninga har blitt veldig godt mottatt og er eit viktig verktøy for raskare gjennomføring av digitaliseringsprosjekt i statsforvaltninga, seier Difis direktør Steffen Sutorius.

Ordninga inneber at statlege verksemder kan søke om støtte til deler av investeringskostnadene i prosjekta. Prosjekta må dokumentere at dei vil gi meir effektiv bruk av fellesskapet sine ressursar og levere ein forpliktande gevinstrealiseringsplan. I vurderinga av søknader vil Difi leggje vekt på samfunnsøkonomisk lønsemd og verksemda sin plan for realisering av gevinstar.

Tildelinga i 2016 og 2017 har vist at det er et stort behov for ei slik ordning. Så langt har 26 prosjekt fått midlar, medan 59 søkte. Mange av desse prosjekta hadde ikkje blitt gjennomført om dei ikkje hadde fått midlar frå denne ordninga.

Digitaliseringsprosjekt med investeringskostnad frå 5 mill. til 50 mill. kr (inkl. interne lønnskostnader) kan få støtte. Medfinansieringa kan dekke opp til 50 % av dei totale investeringskostnadene. Prosjekta kan gå over maksimalt tre år, og kvart prosjekt kan maksimalt få 15 mill. kr i tilskot.

Prosjekt over 10 mill. kr i investeringskostnad blir oppmoda om å bruke Digitaliseringsrådet i den vidare planlegging av prosjekta.

Søknadsfristen er 17. januar 2018.

Det blir rettleiingssamling for søkjarar 6. november og 6. desember 2017.

Nokre døme på prosjekt:

IMDis prosjektgruppe nytt nasjonalt tolkeregister.
 
 

Nytt tolkeregister

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) har i 2017 fått 9 mill. kr i medfinansiering over 3 år til et nytt tolkeregister. Tolking i offentlig sektor lir under manglande tilgong til kvalifiserte tolkar. Eksempelvis blei det i 2016 gjennomført 672 000 tolkeoppdrag, men berre 30 prosent blei utført av kvalifiserte tolkar. IMDi eig og driftar eit innsynsregister over tolkar og deira tolkefaglege kvalifikasjonar. Registeret blei oppretta i 2005, og framstår i dag som lite brukarvenlegg og med ein teknologisk plattform som er utdatert.

- Medfinansieringsordningen satte fortgang i prosessen med å utvikle et nytt og moderne tolkeregister, sier Liv Kolstad Zehouo, leder for tolkeseksjonen. -Til å begynne med virket søknadsprosedyren omfattende, men etter hvert ble maler og verktøy nyttige virkemidler for å strukturere og detaljere prosjektet.

- Vi vil absolutt råde andre til å søke medfinansiering, sier hun videre. At opptil 50 prosent av prosjektkostnadene blir dekket er jo en god grunn til å søke, men vel så viktig er bistanden man får gjennom ordningen.

Imdi vil bruke Digitaliseringsrådet i planleggingsfasen, for kvalitetssikring av styringsdokumentasjonen og for å få eit godt grunnlag for gjennomføringa.

Undergrunnsprogrammet

NGU starta Undergrunnsprogrammet fordi dei ser at samfunnet kan spare store summar på å ha tilgang til meir data om grunnforholda rundt om i landet, til dømes når store byggeprosjekt skal planleggast. Ved hjelp av nye digitale løysingar skal programmet systematisere og auke tilgjengelegheita til viktige geologiske data. System og rutinar for auka datafangst, standardisering av dataformat, APIar knytt til karttenester skal gjere informasjon om undergrunnen tilgjengeleg for fleire.

NGUs prosjektgruppe Undergrunnsprogrammet
 
 

NGU har ønska eit digitalt løft for geologiske data i lang tid, men hadde ikkje hatt moglegheit til å komme i gang med ideane utan medfinansieringsordninga.

- Slike prosjekt fell ofte mellom to stolar, fordi dei er så kostbare at vi ikkje kan ta det av basisløyvinga, samtidig som det er «for lite» til at vi kan søke midlar frå eige departement, fortel Frank Haugan, direktør for informasjons- og kommunikasjonsteknologi ved NGU. -Verktøya vi fekk frå DIFI har vært nyttige for oss. Høvet til å ta kontakt for å få svar på spørsmål, mellom anna relatert til kost/nytte og gevinstrealisering, har vore til stor hjelp. Vi ser stor nytte av å kunne bruke malar og verktøy også i andre prosjekt.

NGU har hatt to møte med Digitaliseringsrådet. Dei gir uttrykk for at det har vore stor nytte å møte leiarar med så brei og samansett erfaring. NGU har fått 13,8 mill. kr i medfinansiering over 3 år.

Elektronisk dødsårsaksregister (eDÅR)

Folkehelseinstituttet (FHI) har ansvar for Dødsårdsaksregisteret. Formålet med registeret er å overvåke dødsårsaker over tid og bruke opplysningane i helseberedskapsarbeidet.  Dagens innmelding av dødsårsaker er 100 % papirbasert, og informasjonen når først fram til Dødsårsaksregisteret etter at den har vært innom tingrett/lensmann og kommunelege, og då har det ofte gått fleire månader frå sjølve dødsfallet.

Instituttet har arbeidd med eDÅR-prosjektet sidan 2014 men har ikkje kunna starte for alvor før fri fekk midlar frå Difi via medfinansieringsordninga. Midlane blei det nødvendige vendepunktet for å kome vidare med prosjektet og sette i gong gjennomføring.

Gun Peggy Strømstad Knudsen, prosjekteier Dødsarsaksregisteret FHI
 
 

- Vi har har god erfaring med å bruke Difis prosjektveiviser og bruker den som styringsmodell i de fleste av våre prosjekter. Modellen fungerer bra som styringsverktøy sammen med smidige utviklingsmetoder, sier prosjekteier Gunn Peggy Strømstad Knudsen. - Vi vil absolutt råde andre til å søke om medfinansiering. Tilslag vil kunne hjelpe viktige og nyttige prosjekter til å bli realisert. Selve søknadsprosessen er en god læreprosess og nyttig øvelse for prosjektet, slik at tiden er ikke bortkastet selv ved et avslag.

- Erfaringssamlingen Difi nylig arrangerte for prosjekter med medfiansiering var veldig nyttig og ikke minst inspirerende. Slike tverretatlige samlinger viser at prosjektene har mye å lære av hverandre og kan til og med bidra til å finne nye gevinster ved samarbeide på tvers, sier Åsa Karen Otterstedt i prosjektgruppa.

FHI har fått 14,7 mill. kr i medfinansiering over 3 år.

 

Publisert: 11. okt 2017, Sist endra: 19. okt 2017

Sharethis

Kontakt