Åpne data er viktig og nyttig

Foto av 9 prisvinnere fra teamet

Leiteaksjon og kjøtproduksjon er blant problema deltakarane laga løysingar for i idekonkurransen Hack4no. Over 200 deltakarar - utviklarar, designerar og andre - møttes for å sjå kva ein kan lage med opne offentlege data.

Hack4no vart arrangert i Hønefoss for tredje år på rad. Kartverket står i spissen, og i år var også Høyskolen i Sørøst-Norge (HSN) med som arrangør. Difi har ansvar for data.norge.no - den nasjonale portalen for opne offentlege data - og deltok i lag med 13 andre etatar for å hjelpe deltakarane i å bruke opne data.

Opne data er ikkje det samme som at data vert brukt

Deltakarane i idékonkurransen hadde litt over eit døgn på seg frå dei danna lag på fredag og fram til dei leverte inn forslaga sine og presenterte prosjekta. 20 lag leverte inn prosjekt, og etter semi-finale og finale, stod ein att med tre hovudvinnarar.

Medan dei voksne jobba med opne offentlege data, var over 350 barn og unge innom for å lære å programmere, lage kart og bygge droner med meir.

Leiteaksjon og kjøttproduksjon

“Leiteaksjon” tok førsteplassen. Dei vil gjere leiteaksjonar enklare med ein app som gjer det lettare å koordinere leiteaksjonar og fortløpande sjå på kart kva område i terrenget som er dekka av personane som er med i leitemannskapet.

“Code4cow” inntok andreplassen med ei løysing for å betre produksjon av kjøtt i Norge. Dei vil gje betre data på kor mange kyr som er slakteklare. Med dette kan ein få jamnare kjøtproduksjon gjennom året, forhindre svinn, og få meir norsk storfekjøt til forbrukarane. I dag er det overproduksjon av kjøt to ganger i året, rett etter frist for å rapportere inn tal på kyr.

Tredje plass gjekk til “Folk på tinget” og deira løysing for å betre sjå kven som er valgt frå ditt område, og kva dei gjer og seier på tinget.

Spesialprisar

I tillegg delte juryen ut to spesialprisar. Hunting Lights fekk kodeprisen for å ha laga kode som er så og seie klar til å setjast i produksjon. Dei laga ein app som hjelper deg å best sjå nordlys ut frå magnetisk aktivitet, lysstøy og ver.

Bilsnakk fekk x-faktor-prisen for si teneste, der ein raskt kan sende melding til eigar av ein bil ut frå skiltnummeret.

Vegen vidare for prosjekta

Blant premiane fekk dei tre vinnarane ein dags “innovasjonscamp” i Forskningsparken/StartupLab i Oslo. Det inneber intensiv eksperthjelp til å utvikle ideane og løysingane vidare.

Fleire offentlege etatar med i år

Tre nye offentlege etatar var med i år: NAV, Norsk Romsenter og Oljedirektoratet. Totalt var 14 etatar til stade for å tilby sine data, få innspel og svare på spørsmål frå deltakarane som ville bruke data. Difi var til stade på stand og fortalte gjerne om data.norge.no og opne data.

- Det er blitt ein stad ein helst vil vere, sa Jan Tore Sanner under opninga.

Bruk av offentlege data

Det offentlege sit på ei gullgruve av data, og mange offentlege verksemder har delt som opne data i maskinleseleg format så data lettare kan nyttast i andre samanhengar. Det kan appar eller tenester som er heilt nye, forbetrer noko eksisterande, eller har eit demokratisk tilsnitt ved å gje innblikk i kva offentleg sektor gjer og brukar pengar på.

Skal ein realisere verdien av gullgruva, må data ikkje berre vere delt, men også takast i bruk. Hack4no er ein stad der ein legg til rette for bruk og skapar ein møteplass mellom brukarar av data og datautgjevarar.

Publisert: 03. nov 2017, Sist endra: 03. nov 2017

Sharethis