14 digitaliseringsprosjekt får medfinansiering for 120,4 millionar kroner

Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) har nå fordelt 120,4 millionar kroner til 14 digitaliseringsprosjekt i staten. Samfunnet kan få ein gevinst på knapt 2 milliardar kroner gjennom desse prosjekta, rekna over 10 år. For offentleg sektor er det berekna ein mogleg gevinst på 557 millionar kroner.

Innan fristen 17. januar 2018 kom det inn 23 søknader frå 21 verksemder.

Dei prioriterte prosjekta må levere ein gevinstrealiseringsplan før dei får endeleg tilsegn om midlar. Førebels er det rekna med ein samla netto gevinst i verksemdene på vel 32 millionar kroner per år. Halvparten av dette skal takast ut som budsjettreduksjon.

Lønsamt for samfunnet

– Medfinansieringsordninga bidrar til å gjere forvaltninga meir effektiv og brukarretta. Ordninga er spesiell fordi verksemdene som søker må vise at prosjektet deira er samfunnsøkonomisk lønsamt, seier direktør Steffen Sutorius i Difi.

Medfinansieringsordninga kom i gang i 2016. Den er spesielt retta mot små og mellomstore prosjekt som er samfunnsøkonomisk lønsame, men som det ikkje er rom for å få finansiere over verksemda sitt eige budsjett. Prosjekta det blir søkt om gir ofte størst gevinstar for andre offentlege virksemder, næringsliv eller innbyggjarar. Typisk er fellesløysingar som blir utvikla av ei verksemd til bruk for heile offentleg sektor, eller sjølvbeteningsløysingar for innbyggjarane.

Grense på 15 milllionar kroner

Verksemdene kan få medfinansiering på inntil 50 prosent av prosjektkostnad, men maksimalt 15 millionar kroner. Det er med denne tildelinga i alt 40 prosjekt som har fått medfinansiering sidan 2016. Dei fleste prosjekta går over 3 år.

– Ordninga premierer løysingar som går på tvers av sektorar, fordi den tek omsyn til nytte i andre verksemder enn den som lagar løysinga. Det same gjeld prosjekt som gir stor nytte i næringslivet eller hos innbyggjarane. Først etter at verksemda har lagt frem ein gevinstrealiseringsplan, kjem midlane. Dette bidrar til å sikre at ordninga er treffsikker, seier Steffen Sutorius.

Publisert: 07. mar 2018, Sist endra: 20. aug 2018

Sharethis