Evaluering av nærpolitireformen – statusrapport 2017

Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) har på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet evaluert politiet sitt arbeid med nærpolitireformen i 2017.

Last ned rapporten

Arbeidet med reformen har stort sett gått som planlagt:

  • Tenestadstrukturen vart fastlagt i mai 2017.
  • Politikontaktane vart oppnemnt i juni 2017.
  • Arbeidsformene politiarbeid på staden og etterforskningsløftet er starta opp.
  • Ei rekke tiltak innan kultur, haldningar og leiing er satt i gang.
  • Personalløpet er inne i sluttfasen, og skal vere på plass innan mars 2018.
  • IKT-området er styrka.

Til tross for eit krevjande reformarbeid, lågare straffesaksproduksjon og mykje negativ omtale av reformen, viser politiet si innbyggjarundersøking at folkets tillit til politiet er auka frå 2016 til 2017. Også tilsette i politiet er litt meir positive til reformen i 2017 enn i 2016. Kommunane er noko skeptiske til reformen. Forklaringa er truleg at politikontaktfunksjonen ikkje har funne si form enno.

Arbeidet med reformen har pågått i vel to år, og enno er ikkje alt på plass. Dette gjeld særleg dei kvalitative delane av reformen: politiarbeid på staden, etterforskningsløftet, felles straffesaksinntak og nye digitale løysingar.

– Det er krevjande å stå i reformprosess over så lang tid. Det krev at både leiarar og medarbeidarar er uthaldande, seier seniorrådgjevar Vivi Lassen i Difi.

Difi har følgjande råd:

  • Innhaldet i reformen må bli prioritert. Det krev tydeleg og god leiing som bidrar til å få dei tilsette med seg i det vidare arbeidet.
  • Justis- og beredskapsdepartementet og Politidirektoratet må styre langsiktig, styre på dei overordna måla som er sett for reformen, og sørge for at styringa ikkje blir for detaljorientert.
  • Justis- og beredskapsdepartementet og politiet må sikre god balanse mellom reformtiltak og økonomi. Dei må avpasse ambisjonane med kva som er økonomisk mogleg.
  • Reformen inneheld ei rekke målkonfliktar og spenningar som må avvegast og balanserast. Særleg gjeld det balansen mellom spesialisering og det å vere til stades lokalt.
  • Politimeistrane må både få og utnytte handlingsrommet sitt. Dei må balansere kravet til like tenester over heile landet, med dei særlege utfordringar det einskilde politidistrikt står ovanfor.
  • Leiing er viktig for å gjennomføre reformen. Dei sentrale tiltaka for leiing må nå breiare ut i organisasjonen, og politimeistrane må vere tydelege på kva som er ønska kultur og leiing i deira distrikt.
  • Politiet bør legge meir vekt på det samla kompetansebehovet etaten har, enn antall polititilsette per tusen.
  • Justis- og beredskapsdepartementet og Politidirektoratet må utarbeide ein strategi for korleis etterslep på IKT-området skal hentast inn.

 

 

Publisert: 09. mar 2018, Sist endra: 09. mar 2018

Sharethis

Kontakt