Årsrapport for 2017: Slik får Difi omstilling til å skje

– 2017 var eit omstillingsår kor vi skulle ruste organisasjonen for framtida, bygge opp fleire nye satsingar og levere godt på mange frontar. Hovudutfordringa er framleis at Difi har mange oppgåver som kjempar om merksemda. Framover må vi prioritere strengt for å kunne ta premissgivarrolla på digitalisering, seier Difi-direktør Steffen Sutorius.

– Eg er svært nødg med resultata, og eg meiner Difi har styrka rolla som premissgivar som skaper endring, seier Steffen Sutorius i årsrapporten for 2017.

Årsrapporten viser at vi vurderer den samla måloppnåinga i 2017 som god. Difi leverte i hovudsak i tråd med krav og forventningar. Samstundes som vi sikra god dagleg drift på dei faste oppgåvene våre, skulle vi bygge opp og levere fleire nye satsingar. Det fekk vi til, og no ser vi dei første resultata:

  • Vi hjelper staten å spare: Dei to første felles innkjøpsavtalane til Statens innkjøpssenter vil spare samfunnet for over 100 millionar i året.
  • Vi leverer meir for mindre: Stadig fleire bruker ei eller fleire av våre fellesløysingar, likevel er kostnadane til utvikling og forvaltning lågare enn i 2013.
  • Vi har vist at vi kan skape betre og billigare offentlege løysingar når vi tenker både stat og kommune saman: Vi har utvikla og lansert eInnsyn, som er ei ny, felles innsynsløysing for heile offentleg sektor – saman med Oslo kommune.
  • Vi bidreg til miljøet: Rådgjeving på grøne innkjøp gjer eit meir berekraftig samfunn, og det kuttar i mange tilfelle kostnadar.
  • Vi har gjort Noreg til eit føregangsland for universell utforming: Målemetoden som Tilsyn for universell utforming av ikt har utvikla for å handheve regelverket vekker stor interesse i EU, som skal innføre det same regelverket for offentleg sektor i alle EU-land.

Meir om dette kan du lese i Difi sin årsrapport for 2017.

Publisert: 11. apr 2018, Sist endret: 07. mai 2018

Deldette

Kontakt