Rekordtrafikk i ID-porten

Nesten halve befolkninga logga inn i løpet av eitt døgn. Årets prognose for første døgn var 3 millionar innloggingar, mot normalt 450 000 innloggingar på ein vanleg vekedag.

Natt til onsdag 4. april vart skattemeldinga tilgjengeleg for nesten fem millionar lønnstakarar, pensjonistar og næringsdrivande. Utlegging av skattemeldinga er det enkeltdøgnet med klart mest trafikk i ID-porten gjennom året. Allereie dei første tre timane etter utlegginga var trafikken like høg som på ein normal vekedag, noko som viser at det er svært stor interesse for skattemeldinga.

Den store trafikken medførte at nokon brukarar fekk opp ventetidsplakat i ID-porten, men dette gjeld vesentleg færre brukarar enn tidlegare år. Bruk av ventetidsplakaten sikrar at dei som er innlogga får fullført oppgåvene sine utan stans, og dei fleste kom inn få minutt dersom dei vart bedt om å vente.

– Når ein ser trafikkbildet etter utlegginga har det vore minimalt med problem, noko som har gjenspegla seg i trafikken til brukarstøtte gjennom dette døgnet, seier seniorrådgjevar Frank Fardal.

Tett samarbeid

Utlegginga av skattemeldinga involverer fleire system og mange aktørar.

– Difi sitt ansvar er avgrensa til ID-porten, men vi har jobba tett saman med Skatteetaten og Altinn for å gi ein mest best mogleg brukaroppleving for dei som vil sjekke skatten sin. Felles planlegging og tett dialog mellom alle aktørane er ein vesentleg suksessfaktor når trafikken aukar for kvart år og utgjer ein trafikkauke på omlag 550 prosent samanlikna med ein normaldag i ID-porten, sier Fardal.

Nesten halve befolkninga logga inn første døgn

Statistikken viser at nesten halve befolkninga logga inn med ID-porten i perioden frå skattemeldinga vart gjort tilgjengeleg og fram til midnatt dagen etter. 2 535 146 innbyggarar logga inn denne perioden, noko som utgjer 48 prosent av Noreg sin befolkning. Dersom vi avgrensar folketalet til ID-porten si primærmålgruppe, som er dei mellom 16 og 79 år, så utgjer dette heile 62 prosent av alle i dette aldersintervallet.

Publisert: 06. apr 2018, Sist endret: 06. apr 2018

Deldette

Kontakt