DifiCamp – dei smartaste ferievikarane finn du i Sogn

Foto av studentane på DifiCamp i 2018

I år er det tiande gongen at Difi hentar inn unge studentar til Leikanger for å arbeide to månader med ikt-prosjekt.

– Dette er utviklingsarbeid vi skal arbeidde med uansett, men no får vi ekstra kapasitet og kompetanse. Studentane er flinke, har med seg nye idear, og er ein frisk pust, seier seksjonssjef i digitale fellesløysingar Odd Erik Loftesnes.

Den fyrste DifiCampen var i 2009, med ein deltakar. I år er det i alt 13 studentar, der fem av studentane arbeider med oppgåver for tilsynet og åtte med oppgåver for seksjon systemutvikling. Og som vanleg har studentane interessante oppgåver å arbeide med. 

Utforske MinID til å fungere utan passord og PIN-kode

Korleis kan ein «smart dings» brukast som ein autentiseringsfaktor? Med ansiktsgjenkjenning eller lesing av fingeravtrykket blir SMSar med PIN-koder avleggs. Studentane skal utforske WebAuthn-teknologien for å forbetre MinID.

Prosjektet har også eit interessant brukarperspektiv, spesielt for brukarar som opplever at kodar og SMS er eit hinder for å logge seg inn til offentlege tenester på nett. Eit andlet eller ein finger kan i framtida vere nok for å logge seg inn.

Tilføre ID-porten fleire bevis på kven du er

ID-porten er god på å identifisere og autentisere brukarar, men det finns fleire aktørar innanfor autentiseringsdomenet som har informasjon som kan vere nyttig når ein skal gje sikker tilgang til ein brukar. Med utgangspunkt i informasjon om ein person frå ID-porten skal studentane utforske korleis denne informasjonen kan «berikast» ved å kople på informasjon om personen til dømes frå informasjon i Altinn, Facebook, Google.

Dette vil bidra til å gjere det enklare for brukarene, som på ein meir saumlaus måte, og utan å gjere så mykje sjølve, får samordna ulike statlege tenester. Det vil òg bidra til at statlege tenester kan dele data og skape nye tenester, samtidig som dei opprettheld «berre ein gang»-prinsippet.

Uu-studentane bidreg i tilsynet si volum måling 2018

Dei skal arbeide med verdas største måling av universell utforming med manuell metode. Omfanget er 240 verksemder, og opp til 1500 enkeltnettsider skal testast på 20 ulike testreglar.

Dette er den første større målinga tilsynet for universell utforming gjer sidan 2014. Det langsiktige målet er å auke status på universell utforming i Norge, og sjå effekt av regelverket. Prosjektet er òg med å førebu tilsynet på dei nye krava som kan komme i samband med nytt EU-regelverk.

DifiCamp – ei positiv oppleving for studentane

Campen har òg eit sosialt perspektiv. Alle får tilbod om å bu på folkehøgskulen sitt internat, og dei blir invitert med på fellesaktivitetar i nærområdet.

– Det beste med DifiCamp er at vi får ei god blanding av spennande arbeidsoppgåver, sosiale aktivitetar og fantastiske naturopplevingar. Vi kjenner at alle er opptekne av å hjelpe og inkludere alle, anten det er noko ein ikkje får til på jobben, eller å få med alle på topptur etter arbeidstid. Vi har hittil kost oss med padling, bading, fjellturar, grilling og tysdagsquiz på Dampskipskaia. DifiCamp har gitt meg opplevingar, minner og vener for livet», seier dificampar Thayanan Tharmapalan.

 

Publisert: 13. jul 2018, Sist endra: 20. aug 2018

Sharethis

Kontakt