Kvar dag er det personar i Norge som møter hindringar når dei skal bruke digitale tenester. Dette har vi sett no når Difi for første gang har målt status for universell utforming på norske nettsider. Resultata er nedslåande.

Vi har hatt som mål å sjekke korleis det eigentleg står til med universell utforming på norske nettsider og prøvd å finne kva som er dei digitale barrierane. Det viser seg at det finst ein del av dei. Resultata viser at både i privat og offentleg sektor er norske verksemder for dårlege på universell utforming av IKT. Dette betyr at kvar dag er det personar i Norge som møter hindringar når dei skal bruke digitale tenester.

Alle skal på ein god og enkel måte kunne bruke nettløysingar dei møter i kvardagen. Med høg grad av digitalisering, både i privat og offentleg sektor, er det viktig at IKT-løysingar er universelt utforma og tilgjengelege for alle. Regelverket viser til ein minstestandard som alle nettsider må møte for å vere universelt utforma.

Kven og kva har vi testa?

Vi har sett på korleis det eigentleg står til med universell utforming på norske nettsider. Hausten 2014 målte vi kor universelt utforma vel 300 offentlege og private verksemder er på nett. Det er første gong vi har gjort ei måling kor private verksemder er med i utvalet. Vi har testa nettstader frå mange ulike bransjar, mellom anna aviser, transportfirma, hotell, bankar og verksemder i offentleg sektor (departement, direktorat, fylkesmenn, kommunar og fylkeskommunar).

Målinga bygger på forskrift om universell utforming av IKT. Som tema for målinga, valde vi tekstalternativ til illustrasjonar, kodegrunnlag for nettløysingar, navigasjon, tastaturnavigasjon og nettbaserte skjema.

Det var eit mål for statusmålinga å sjå etter risikoområde som gjer det vanskeleg eller umogleg for mange å bruke nettbaserte løysingar. Vi såg etter tema som kan vere særleg utfordrande eller bransjar som har fleire utfordringar enn andre. Resultata tek vi med oss vidare både når vi vurderer korleis vi skal drive rettleiinga vår og korleis vi vil innrette tilsyn framover.

Men korleis er status på norske nettsider eigentleg?

Gjennomsnittleg resultat for nettløysingane i denne statusmålinga er 51 prosent av totalt oppnåelege poeng. Det er stor variasjon i resultata og for enkeltverksemder spenner resultata frå 18 til 78 prosent.

Offentleg sektor scorar betre målinga enn privat sektor. Gjennomsnittsresultat i offentleg sektor var 54 prosent, medan tilsvarande tal for privat sektor var berre 49 prosent. Sjølv om offentleg sektor i gjennomsnitt scorar best, er det likevel grunn til å framheve at det er stor variasjon i resultat mellom verksemder og undergrupper i offentleg sektor.

Det er interessant å sjå at til dømes departementa scorar jamt over bra, medan mange publikumsretta tenester scorar dårlegare.

I privat sektor ser vi at det er flest utfordringar i banksektoren. Det er verdt å merke seg at det ikkje er dei største bankane som scorar best – den beste banken er ein mindre bank i distriktet. Dette kan kanskje seie noko om at det ikkje berre er ressursar som er avgjerande for i kva grad ein kan laga sidene sine universelt utforma.

Det same mønsteret ser vi elles også i media. Det er ikkje dei største mediehusa som scorar best, medan ei mindre lokalavis gjer det ganske bra. Media scorar samla sett relativt lågt i målinga, og det er synd med tanke på all den informasjonen som kvar av oss er avhengig av å få gjennom media kvar dag.

Kva er barrierane?

Målinga viser at mange møter digitale barrierar i kvardagen. Kvar dag er det personar i Norge som møter problem når dei skal bestille billettar for å reise med fly, betale rekningar i nettbanken eller bruke offentlege tenester som til dømes å søke om barnehageplass. Vi ser at feil som går igjen er kode, kontrast  og tekstalternativ til bilete.

Koding handlar om godt handverk på nettsidene. Feil koding av innhald som søk, skjema, tabellar og overskrifter er ein omfattande feil som kan vere ei stor barriere for store brukargrupper, blant anna personar med lese- og skrivevanskar eller utfordringar med minne og konsentrasjon, og for personar som brukar leselist eller skjermlesar, eller for andre som kan ha nytte av å få lest opp teksten.

Kontrast er ein utfordring som går igjen på mange nettsider. God struktur på sida og god kontrast er bra for alle. Både for dei som treng å navigere med tastatur, dei som brukar skjermlesar eller voiceover og for dei som les nettsider på mobilen. Kontrast er det ofte enkelt å gjere noko med, ved å laste ned eit testverktøy og måle kontrasten sjølv. Det er som oftast ikkje så mykje som skal til for å få kontrasten opp på minimumsnivået.

Målinga viser at det er få nettsider som scorar bra på alternativ tekst til illustrasjonar. Det viktig å ha ein god alternativ tekst som seier noko om innhaldet i bildet. For illustrasjonar som inneheld mykje informasjon skal det vere ein framstilling av informasjonen i form av tekst i tillegg til bildet. Dette er blant anna viktig for personar som har utfordringar med syn som svaksynte og fargeblinde. Dette er lett å gjere noko med, så lenge publiseringsløysinga legg til rette for det. Alle som publiserer innhald på nettet kan starte å gjere noko med dette allereie i dag. Les meir om korleis du gjer det på uu.difi.no

Alle resultata kan du lese i Difi-rapporten «Digitale barrierar på norske nettsider».

 

Forfatter

Tilsynsleder i Difi, Malin Rygg
Malin Rygg
Malin Rygg er leiar for Tilsyn for universell utforming av IKT i Difi. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut