Frank Fardal på Difibloggen

Når 3,6 millionar skattebetalarar loggar seg på ID-porten for å sjekke skattemeldinga, blir det trangt i døra. Det er lett å forstå at mange blir frustrert når ein må vente i kø. Det kan vere like irriterande som å stampe i påsketrafikken når «alle» skal på ferie samtidig.

Det var rekordstor pågang da skattemeldinga vart gjort tilgjengeleg 4. april. I løpet av det første døgnet vart det registrert 3 576 976 innloggingar i ID-porten. Det er 11 prosent meir enn året før.

Kort tid etter at det vart opna for pålogging, svikta mekanismen hos Difi som skal regulere trafikkbelastninga. Det oppsto ein flaskehals i nettverket som gjorde at ID-porten var heilt utilgjengeleg i nærmare fem kvarter tidleg på natta.

Det er lett å forstå at dette skapte frustrasjon hos dei skattebetalarane som ikkje fekk tilgang og måtte vente. Vi beklagar dette. Etter at feilen var retta, vart vegen opna igjen. Hendinga viser at vi må fortsette arbeidet med kontinuerleg forbetring for å auke kvaliteten i tenestene våre.

Difor må vi regulere datatrafikken

Sidan trafikken var ti gonger så stor som på ein vanleg dag, danna det seg kø også etter at feilen var retta. Det ville ikkje være rekningssvarande å dimensjonere ID-porten for å unngå køen heilt denne eine dagen i året, og difor blir trafikken regulert.

Eit av dei synlege tiltaka er kø-plakatane som ein del brukarar kan bli møtt av i ein avgrensa periode på sjølve skattedagen. Da må ein vente litt før ein prøver på nytt. Fasiten viser likevel at det også i år var rekordmange som kom inn og fekk sjekka skattemeldinga det første døgnet.

Skattemeldinga er ei av om lag 2 500 digitale tenester som nyttar ID-porten for innlogging. Vår oppgåve er å sørge for at den tekniske løysinga er stabil slik at trafikktoppar ikkje rammar andre delar av den digitale forvaltninga. Sjølv om det er stor interesse for skattemeldinga, er det viktig at folk også kan søke om foreldrepengar hjå NAV, barnehageplass hjå kommunen, studieplass hjå Samordna opptak og sjekke helseopplysningane sine på helsenorge.no. Alle desse andre tenestene hadde 445 977 innloggingar det første døgnet med skattemelding, noko som er tilnærma normaltrafikken til ID-porten.

Fleire hensyn

Overvaking og handtering av datakommunikasjonen inn mot forvaltninga er eit arbeid som pågår kontinuerleg og på tvers av etatane – i dette tilfellet Difi, Skatteetaten og Altinn. Vi blir sett på ein ekstra prøve på skattedagen. For å redusere risikoen for uønska hendingar, blir det i forkant gjennomført ei rekke stresstestar basert på ulike scenario. Beredskap, rutinar og handteringstiltak blir av samme grunn koordinert mellom etatane.

Vi legg stor vekt på å lære av hendingar og forbetre tenestene. I denne saka er det viktig både for å kunne styrke trafikkhandteringa under trafikktoppen, og for å sikre at pågangen ikkje rammar andre aktørar og tenester som også er avhengig av at ID-porten fungerer.

Meir digital dialog

Dei digitale løysingane blir stadig utvikla, og forvaltninga samarbeider for å kunne levere dei beste tenestene til innbyggjarane. Det er gledeleg at stadig fleire brukarar nyttar dei digitale løysingane for å få innsyn, komme i kontakt med det offentlege og få løyst sine tenestebehov på ein enklare, raskare og meir kostnadseffektiv måte. Dette motiverer oss til stadig forbetring og ein forsterka innsats for å modernisere offentleg sektor.

Forfatter

Frank Fardal
Frank Fardal
Frank Fardal er seniorrådgjevar i Difi og produktsjef for ID-porten.

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut