Ofte stilte spørsmål frå trainee-søkarar

For deg som vil søke traineeordninga.

Her finn du informasjon om korleis du vert ein del av traineeprogrammet i staten.

Er eg med mi funksjonsnedsetting i målgruppa for traineeprogrammet?

Trainee-programmet er eit program for personar med høgare utdanning og funksjonsnedsetting. Som funksjonsnedsetting vert rekna tap av eller skade på ein kroppsdel eller i ei av kroppens funksjonar.

Funksjonsnedsetting kan omfatte både fysiske, psykiske og kognitive funksjoner.

Fysiske funksjonar er til dømes nedsett syn, høyrsel eller nedsett evne til å røre seg. Psykisk sjukdom er tilstandar som vert rekna som psykiske lidingar.

Kognitiv funksjonsnedsetting er å ha ei redusert evne til mentale prosessar som minne, språk, evne til å forstå informasjon, løyse eit problem eller ta til seg kunnskap og erfaring.

Årsaka til funksjonsnedsettinga kan vere sjukdom eller skade, eller ho kan vere medfødt.

Må ikkje vere forbigåande

Føresetnaden er at den funksjonsnedsettinga ikkje er forbigåande. Ho må heller ikkje vere så lita at ho ikkje reduserer funksjonsevna i nemneverdig grad.

Traineeprogrammet er for deg som møter stengsler i arbeidslivet på grunn av ei funksjonsnedsetting, og difor vert forhindra frå å delta fullt og heilt på effektivt vis. Om arbeidet vert tilrettelagt, kan du ha tilnærma full arbeidsevne.

Det vert ikkje laga offentleg søkarliste for traineeprogrammet.

Skal eg skrive om funksjonsnedsettinga mi i søknaden?

Du bestemmer sjølv om du vil skrive noko om funksjonsnedsettinga di i søknaden. For å verte vurdert for stillinga må du likevel stadfeste at du er i målgruppa for traineeprogrammet og har funksjonsnedsetting. Eit godt råd er å følgje det som står skrive om eigenerklæring i kunngjeringa for stillinga.

Dersom du vert kalla inn til intervju, kan du blant anna verte spurt om kva du treng av tilrettelegging. Arbeidsgivar kan ikkje spørje deg om diagnosar.

Kva får eg som deltakar i traineeprogrammet?

Stillingane i programmet er ordinære stillingar i staten som vert kunngjorde via traineeprogrammet. Stillingane vert kunngjorde anten som engasjement eller som fast stilling. Dei kan gi deg verdifull kompetanse og røynsle i den vidare karrieren. Som deltakar får du òg delta i eit program for utvikling av medarbeidarar med tre samlingar i løpet av eitt år. Du får eigen mentor, som arbeider i samme verksemd, og som støttar deg i arbeidet.

Publisert: 03. jan 2018, Sist endret: 05. apr 2018

Deldette

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

* Påkrevd

Hjelp oss å bli bedre
*