eInnsyn

Føremålet med eInnsyn er å gjere offentlege brev og dokument lettare tilgjengeleg for innbyggarane og å effektivisere forvaltningas gjennomføring av offentlegprinsippet.

Publisert: 18. nov 2014, Sist endra: 28. okt 2019

eInnsyn er eit ledd i regjeringa sitt arbeid for å fremme openheit og demokrati i forvaltninga.

Dette er eInnsyn

eInnsyn er ei felles publiseringsteneste for postjournalar statlege verksemder og Oslo kommune. Verksemdene nyttar tenesta til å publisere postjournalene sine på internett, og postjournalene blir deretter samla i ein felles database som blir gjort søkbar for brukarane. I same database publiserer også råd og utval i Oslo kommune sine politiske saker og møte. 

I eInnsyn kan du søke opp fulltekstdokument og be om innsyn i offentlege dokument som ikkje er publisert. Når du ber om innsyn i eit dokument som ikkje er publisert, blir bestillinga sendt til den verksemda som er ansvarleg for journaloppføringa. Bestillinga blir deretter handsama av verksemda som eit innsynskrav, og du får svar direkte frå verksemda. Det er verksemdene som har publisert journalane som er ansvarlege for innhaldet dei har lagt ut, og for å handsame innsynskrav.

Desse står bak løysinga

eInnsyn er utvikla i et samarbeid mellom Difi og Oslo kommune. Innsynsløysinga vart lansert i februar 2018 og erstatta da Offentlig Elektronisk Postjournal (OEP) og Oslo kommune si løysing for Søk i Politiske Saker (SiPS).

eInnsyn blir forvalta og drifta i fellesskap av Difi og Oslo kommune.

Brukarstøtte

Her kan du ta kontakt om du treng hjelp til å nytte eInnsyn, har spørsmål, kommentarar eller ynskjer å melde feil. Du treff oss på telefon på kvardagar mellom klokka 08.00 og 15.30. Sender du e-post, svarar me så fort me kan, seinast innan tre verkedagar.

Har du spørsmål om enkeltsaker i eInnsyn, etterlysing av tingingar, klagesaker etc., må du kontakte den offentlege etaten som er ansvarleg for denne saka. Du finn kontaktinformasjon til etaten under saksopplysningane i eInnsyn.

Telefon: 800 30 613
E-post: kontakt@einnsyn.no

Sharethis

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

* Påkrevd

Hjelp oss å bli bedre
*