Maskinporten

Maskinporten er ei fellesløysing som sørger for sikker autentisering og tilgangskontroll mellom verksemder. Løysinga gjer det enklare å dele og bruke data på tvers i offentleg forvalting.

Publisert: 24. sep 2019, Sist endra: 24. sep 2019

Maskinporten byggjer på mekanismane i ID-porten. Medan ID-porten går god for identiteten til personar som loggar seg på, sørger Maskinporten for sikker autentisering og tilgangskontroll mellom verksemder. Det betyr at Maskinporten stadfester identiteten til verksemder, og samtidig gir rett tilgang til data som offentlege verksemder tilbyr.

Med utviklinga av stadig større digitale økosystem blir utfordringa meir kompleks. Denne kompleksiteten bremsar utviklinga av nye tenester som er basert på utstrakt datadeling. Maskinporten løyser utfordringa ved å vere ein betrudd tredjepart som går god for identiteten til den enkelte verksemda, enten ein er tilbydar av data aller brukar av data.

Maskinporten leverer på denne måten ein sikringsmekanisme for trygg deling av data, og sikrar at verksemda berre deler data med dei ein ønsker å dele data med. Maskinporten opnar for å binde saman system og utvikle nye tenester på ein meir effektiv måte enn før. Dette vil gi gevinstar for dei som tilbyr data, dei som brukar data og sluttbrukaren av tenestene.

Samarbeidsportalen finn du meir informasjon om korleis du kan ta i bruk løysinga, kva tenesta kostar og sjå teknisk dokumentasjon.

 

Sharethis

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

* Påkrevd

Hjelp oss å bli bedre
*