ID-porten

ID-porten er ei felles nasjonal påloggingsløysing og ein sentral byggekloss i utviklinga av offentlege tenester på nett.

Med ID-porten kan di verksemd tilby innbyggjarane ei sikker digital teneste.

Fakta om ID-porten

  • ID-porten gjev tilgang til meir enn 1800 nettenester frå over 700 offentlege verksemder, og er ei offentleg fellesløysing drifta av Direktoratet for forvaltning og IKT, Difi. Sjå òg rapportar og statestikk på Difi.no
  • ID-porten gjev innbyggarane valet mellom fem elektroniske ID-ar. Det offentlege sin eigen MinID og dei private løysningane, BankID, BankID på mobil, Buypass og Commfides.
  • MinID er på mellomhøgt sikkerheitsnivå. BankID, BankID på mobil, Buypass og Commfides gir alle tilgang til offentlege tenester på høgt sikerheitsnivå.

Med kjende elektroniske ID som MinID, BankID, Buypass og Commfides får innbyggarane fordelen av å bruke påloggings- løysingar dei kjenner frå før. Dermed slepp verksemda di å tenkje på administrasjon av brukarnamn, passord, og brukarstøtte for eiga påloggingsløysing.

ID-porten for din nettstad

Med ID-porten kan innbyggarane løyse oppgåver frå det offentlege, både privat og i arbeidssamanheng.

Kva for verksemder kan nytte ID-porten?

Det er Difi som ut i frå retningslinjene avgjer om ei verksemd kan knyte seg til ID-porten. Dette skjer på grunnlag av Bruksvilkår for Difis felleskomponentar og Spesielle bruksvilkår for ID-porten. Ei verksemd som har akseptert bruksvilkåra vert omtala som kunde.

Desse verksemdene kan knyte seg til ID-porten

  • Tilsyn, ombod eller direktorat.
  • Fylkeskommune, kommune, eller kommunale etatar
  • Offentleg eigde selskap som kun leverer teneste til det offentlege
  • Offentlege verksemder og andre verksemder som utfører oppgåver på vegne av, og som delvis eller heilt er finansiert av det offentlege.

ID-porten kan nyttast til både arbeidsrelaterte og private føremål.

Ved spørsmål om å knyte seg til ID-porten, ta kontakt med Difi på e-post: idporten@difi.no

 

Kva kostar det?

Bruken av ID-porten vil vere kostnadsfri for dei aller fleste verksemder. Berre kundar med tal transaksjonar (innloggingar) over 200.000 per avrekningsår (oktober - september), må vere med og dekke Difi sine utgifter til bruk av elektronisk ID frå dei private marknadsaktørane BankID, Buypass og Commfides.

Ta kontakt med Difi på e-post idporten@difi.no dersom du har spørsmål vedgåande kostnader ved bruk av ID-porten.

Sikkerheit og funksjonalitet

ID-porten er ei nasjonal fellesløysing for å logge inn til offentlege tenester på nett. Med ID-porten er det lagt til rette for at innbyggarane sjølve kan velje kva elektroniske ID dei sjølve ønskjer å legitimere seg med. Det er muleg å logge inn med elektronisk ID frå MinID, BankID, Buypass og Commfides.

I ID-porten gir MinID tilgang til tenester opptil mellomhøgt sikkerheitsnivå (nivå 3). BankIDBuypass og Commfides gir tilgang til tenester og til og med høgaste sikkerheitsnivå (nivå 4).

Velg mellom fire e-ID

Sikkerheit

I ID porten er det tre leverandørar av eID som kan nyttast til tenester som krev høgste sikkerheitsnivå (nivå4), BankID, Buypass ID og Commfides eID. Det vil sei at det er mogeleg for di verksemd å tilby tenester som inneheld meir sensitiv informasjon, til dømes helseopplysningar. Dette kan og vere tenester som det er meir kritisk at uvedkomande ikkje får tilgang til.

Mellomhøgt sikkerheitsnivå (nivå 3) MinID: Ein eID som inneheld ei løysing med to faktorar samansett av noko som brukaren veit, fødselsnummer og eit sjølvvalt passord, og noko brukaren har, ein kode på SMS eller pin frå eit kodebrev.

Høgaste sikkerheitsnivå (nivå 4), BankID, Buypass og Commfides: Alle leverer eID på høgaste sikkerheitsnivå. Dette er òg ein tofaktor løysing der brukaren veit sin eigen PIN-kode/passord og har ei kodebrikke (BankID), eit smartkort (Buypass) eller ein USB pinne (Commfides).

Elektronisk ID på høgaste sikkerheitsnivå blir berre levert ut ved personlig oppmøte der ein må vise legitimasjon. 


Teknisk arkitektur

ID-porten sine autentiseringsløysingar nyttar OpenSSO/OpenAM som fødereringsplatform.

Dei ulike eID-ane (MinID, BankID, Buypass, og Commfides e-ID) er integrert mot OpenSSO ved hjelp av standard API er. Difi har ansvar for integrasjonsløysningane mot e-ID leverandørar som tilbyr proprietære integrasjon APIer.

Vår referanseimplementasjon for tenesteeigare baserast på OpenSAML. Fødereringen av ei tenesteeigarane sine tenester inn mot ID-porten, baserar seg på SAML2 OASIS-standarden. Difi si iverksetjing er eit subset av e-government SAML2-profilen som Danmark har vært med på å utvikla og som blir nytta i nemID. SAML2 nyttar både single sign-on (SSO) og single logout (SLO). Single sign-on vil bli nytt der det er sikkerheitsmessig akseptabelt.

 

Bilde: Teknisk arkitektur for ID-porten 2.0

teknisk_ID-porten

Samarbeidsportalen

Samarbeidsportalen er den primære informasjons- og varslingskanalen frå Difi om samarbeidet rundt Difi sine nasjonale felleskomponentar og Norge.no.

Samarbeidsportalen er den primære kanalen for dialog mellom Difi og kundar av felleskomponentane. Ved å akseptere Bruksvilkår for Difi sine felleskomponentar og Spesielle bruksvilkår for ID-porten får verksemdene tilgang til Difi sin samarbeidsportal.

Samarbeidsportalen inneheld mellom anna oppdatert teknisk dokumentasjon, driftsinformasjon, avtaleverk, kontaktinformasjon, møteinnkallingar og -referat, statistikk og andre relevante rapportar. Skulle det oppstå hendingar eller andre forhold som Difi har behov for å varsle verksemdene om, vert det lagt ut utfyllande informasjon om dette i Samarbeidsportalen.

Verksemdene er sjølv ansvarleg for å til ein kvar tid halde eigne kontaktdata og anna naudsynt informasjon om tenestene sine oppdatert i Samarbeidsportalen.

Lenka under fører deg til felles brukarhandtering for Difi, der du kan logge deg inn i Samarbeidsportalen eller be om tilgang. 

Logg inn - samarbeid.difi.no

Elektronisk ID

Det blir tilbydd fleire leverandørar av elektroniske ID (eID) i ID-porten. Difi  har med ID-porten har laga ein felles infrastruktur for pålogging til offentlege tenester på nett. Gjennom ID-porten kan brukarane identifisere seg med fylgjande eID: MinIDBankIDBuypass, Commfides eller BankID på mobil.

Fleire og sikrare elektroniske ID som kan nyttast av innbyggarane legg til rette for ei meir brukarvenleg og sikrare løysing. Sikrare fordi BankID, Buypass og Commfides leverer eID på høgaste sikkerheitsnivå (nivå 4), og meir brukarvennleg fordi innbyggarane sjølv kan velje kva for eID dei ynskjer å bruke.

Sikker pålogging

Elektronisk ID på høgste sikkerheitsnivå gjennom BankID, Buypass og Commfides betyr at di verksemd kan tilby fleire og meir avanserte tenester på nett. For eksempel vil det vere mogeleg å tilby tenester som inneheld meir personsensitive data. Dette gjev større fleksibilitet og rom for å gje innbyggarane tilgang til fleire data og opplysningar. Med andre ord kan verksemda di utvikle tenester som er meir brukarvennlege og betre egna for å dekke alle behov hjå den digitale innbyggaren. ID-porten gjev tilgang til tenester opp til og med høgste sikkerheitsnivå (nivå 4).

God brukarstøtte for innbyggarar

ID-porten er tilgjengeleg på både bokmål, nynorsk, engelsk og samisk. I tillegg har ID-porten òg eit innebygd alternativ for høgare kontrast og eitt for større skriftstorleik. Slik får òg svaksynte mogelegheit til å logge inn til offentlege tenester på nett.

Difi tilbyr ei fullverdig brukarstøtte for innbyggarar som treng hjelp til pålogging gjennom ID-porten:

  • telefon, måndag-fredag mellom 08:00-15:30
  • chat og e-post
  • webportal med hjelp og rettleiing:  http://www.idporten.no

Verksemder som nyttar ID-porten har høve til å bestille utvida opningstid mot betaling, regulert i tråd Tilleggstjenester for Difis felleskomponenter.

ID-porten
Hjelp til innlogging
Publisert: 10. nov 2014, Sist endret: 04. jul 2018

Deldette

Aktuelt

Rekordinteresse for skattemeldinga

Natt til onsdag 4. april vart skattemeldinga tilgjengeleg for nesten fem millionar lønnstakarar, pensjonistar og næringsdrivande.

Felles brev til kommunene: Ta i bruk offentlige felleskomponenter!

Difi har ansvaret for å utvikle og forvalte en rekke IT-løsninger som er tilgjengelig for statlige, kommunale og fylkeskommunale virksomheter i deres tjenesteutvikling. Difi og KS oppfordrer alle kommuner til å benytte seg av mulighetene og gevinstene som ligger i bruk av offentlige felleskomponenter.

Ny e-ID i ID-porten - BankID på mobil

BankID på mobil klar for ID-porten

No blir det enklare å logge inn til offentlege tenester via ID-porten. BankID på mobil gjev brukarane eit nytt alternativ for å logge inn til offentlege tenester på nett. Løysinga er open for bruk i ID-porten frå og med 17. november.

Digital postkasse til innbygger

Har passert éin million meldingar

Det offentlege Noreg passerte i september éin million sendte meldingar gjennom digital postkasse. Utviklinga er god, men framleis har for få innbyggarar valt digital postkasse.

Difi fasar ut Java for BankID i ID-porten

ID-Porten har no teke den nye Java-fri BankID i bruk. Det betyr ei vesentleg forbetring av brukaropplevinga for alle som loggar seg inn på offentlege tenester via ID-porten.

500 offentlige tjenester med innloggingsløsning

Stavanger kommune og læringsplattformen Itslearning ble tjeneste nummer 500 som bruker ID-porten. Milepælen ble markert med tale og blomster fra statssekretær Paul Chaffey på KS' eForvaltningskonferanse i Stavanger.

Å starte i staten – et introduksjonsprogram for nyansatte

"Å starte i staten" er et e-læringsprogram som gir en rask innføring i grunnleggende forvaltningskompetanse. Programmet skal bidra til en bevisstgjøring om hva det innebærer å jobbe i staten og gi en felles forståelse av det statlige rammeverket og statsforvaltningens styring, organisering og hovedoppgaver.

Kontakt

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

* Påkrevd

Hjelp oss å bli bedre
*