Korleis ta i bruk ID-porten?

Innhold

Planlegging

Difi og kunden skal i samarbeid planlegge kundens integrasjon mot ID-porten. Difi bistår dykk med teknisk rådgjeving i integrasjonsperioden. Kunden skal følgje krav som er fastsatt av Difi, sjå «integrasjonsguide for ID-porten». Oppdatert teknisk dokumentasjon er tilgjengeleg på samarbeidsportalen.

Kunden er sjølv ansvarleg for å fastsette sikkerheitsnivå for eigne tenester, og må sjølv gjennomføre ei risikovurdering for kvar einskilt teneste som de ønskjer å tilknyte ID-porten.

Før tenesta vert sett i produksjon skal kunden legge fram ei beskriving av tenesta, informasjon om estimert bruksvolum og kort om kven som er sluttbrukar. Eventuelle kritiske periodar og høgvolumsperiodar skal oppgjævast.

Ved innføring av nye tenester eller ved planlagt endring av tenester som er tilgjengelige gjennom ID-porten, skal de ta kontakt med Difi minimum 1 månad før det er planlagt oppstart/endring av tenesta.

Sist endret: 
11. mar 2016