Test

Kunden skal gjennomføre integrasjonstest for ID-porten. Retningslinjer for og krav til integrasjon og testing, samt ei beskriving av Difis testmiljø, er tilgjengeleg på samarbeidsportalen.

Kunden eller kunden sin leverandør må ha eit testmiljø som kan knytast opp mot ID-porten sitt verifikasjonsmiljø.

Difi skal godkjenne testbrukarar som kan brukast til testing mellom e-ID-leverandørene, ID-porten og kunden sine tenester. Det er et krav at det vert brukt fiktive testbrukarar.

Kunden skal kunne legge fram dokumentasjon på korleis integrasjonen er testa.

Dersom de har behov for å gjennomføre sikkerheits-/penetrasjonstest og/eller driftstestar (yting, stabilitet) som inkluderar ID-porten, må testperiode og kva miljø som kan brukast avtalast nærmere med Difi.

Publisert: 17. des 2014, Sist endret: 11. mar 2016