Planlegging

Kunden skal ta kontakt med Difi minimum 1 månad før dei ønsker å ta i bruk registeret.

Publisert: 06. jan 2015, Sist endra: 17. jan 2019

Difi og kunden skal i samarbeid planlegge integrasjonen. Difi bidreg med teknisk rådgjeving i integrasjonsperioden. Kunden skal følgje krava som er fastsette av Difi. Teknisk dokumentasjon er tilgjengeleg på samarbeidsportalen.

Kunden skal oppgi kva slags formål dei skal bruke registeret til, kva slags bruksmønster dei forventar, og kor mange oppslag dei reknar med. Eventuelle kritiske periodar og høgvolumsperiodar skal også oppgivast.

Kontaktinformasjon